Hopp til innhold

No treng du votten

Borgundfjordfisket er godt i gang. Om du ikkje har ein sjøvott å tre over handa, kan det kanskje varme å synge sjøvottsangen i staden.

Dei syng sjøvottsangen, deltakarane på kurset i sjøvottstrikking i Sykkylven.

Då treng me votten er skriven av Lars Longva, medlem av Spleiselaget. Båtlaget, med base i Sykkylven, arrangerer nemleg kurs i sjøvottstrikking denne våren. Det synest Lars fortente ein song, noko han gjerne skriv for fleire av aktivitetane til Spleiselaget.

– Det er ikkje så krevjande å lage ein tekst, det vanskelege er å finne ein melodi som passar til teksten, seier tekstforfattaren med glimt i augo.

Magnhild Vatne

Kursinstruktør Magnhild Vatne viser fram eit tovebrett, som sjøvotten skal utsetjast for når den er ferdigstrikka.

Foto: Jan Åge Sundnes

(Sjå video frå sjøvottkurset, der deltakarane syng sjøvottsongen, nedst i saka)

Melodien til Då treng me votten er "I'm so excited" av Pointer Sisters. Her er teksten i sin heilskap:

Når skreien bit, me dreg ein tur på sjøen
Legg ut frå stø med jamne åretak
Me kulsar lett i issørpe, og snøen
gir frysningar i ryggsøyle og bak!

Og me slår floke - gnikar
fingerledd og knoke
- vrir frostnavar, kavar
ror som galeislavar
- me kjenner likevel at kulden bit!

Då treng me votten, love blad og totten
- av varm, tova villsau-ull! God for heile skrotten!

Sjøvottar

Sjøvottar av ull frå villsau.

Foto: Jan Åge Sundnes

Napp ut og spinne! Spøt med strikkepinne!
- Legg opp, legg opp, legg opp,
legg opp, og auke - auke!

Me kjenner gikta; stiv mest heile skrotten!
Får snøret ut. Me fiskar helst i le
Då saknar me så inderleg sjøvotten!
Me sit i ro og varmar kalde kne!

Då treng me votten, love blad og totten
- av varm, tova villsau-ull! God for heile skrotten!

Ove Bjerkan

Sjøvotten har ei lang historie i den norske kystkulturen. Truleg dukka han opp ikkje lenge etter at strikking vart vanleg på 1500- 1600-talet.

Foto: Jan Åge Sundnes

Napp ut og spinne! Spøt med strikkepinne!
- Legg opp, legg opp, legg opp,
legg opp. Slik gjeng det - gjeng det!

- - -

Om me slår floke - gnikar
fingerledd og knoke
- vrir frostnavar, kavar
ror som galeislavar
- me kjenner likevel at kulden bit!

Då treng me votten, love blad og totten
- av varm, tova villsau-ull! God for heile skrotten!
Napp ut og spinne! Spøt med strikkepinne!
- Legg opp, legg opp, legg opp,
legg opp. Slik gjeng det - gjeng det!

Lars Longva

Å strikke ein sjøvott er ikkje det lettaste i verda, meiner Lars.

Foto: Jan Åge Sundnes

Me synest heile båtlivet e' fole
Me ser mot land og saknar tøflene
og dropane me kjøpte dyrt på polet
Om fisken bit, me lengtar heim for det!

Om me slår floke - gnikar
fingerledd og knoke
- vrir frostnavar, kavar
ror som galeislavar
- me kjenner likevel at kulden bit!

Då treng me votten, love blad og totten
- av varm, tova villsau-ull! God for heile skrotten!
Napp ut og spinne! Spøt med strikkepinne!
- Fell av, fell av, fell av, fell av,
fell av. Me he' det! He det!

- - -

Og me he' votten, love blad og totten
- av varm, tova villsau-ull! God for heile skrotten!
Sjølvgjord på pinne! Kunsten he' me inne!
- Fell av, fell av, fell av, fell av,
fell av. Me gjor' det! Gjor' det!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL