Hopp til innhold

No skal forskarane finne ut kor mykje fisk som blir fanga her

I mange hundre år har det spektakulære fisket føregått i Ålesund. No skal det reknast ut kor mykje torsk som blir henta opp.

Borgundfjordfisket 2016

Kvart år føregår Borgundfjordfisket i Ålesund. Då kjem store mengder gyteklar torsk inn fjorden.

Foto: Frode Berg

Noreg er det landet i verda der flest fiskar på fritida i forhold til befolkninga, men ingen veit kor store mengder dei tar.

På fjorden i Ålesund ligg båtane til tider tett i tett. Det historiske Borgundfjordfisket som har føregått i mange hundre år er i gang.

No er det er berre dei med handsnøre og pilk som får prøve fiskelykka.

Jon Ivar Leine har fått fire torsk og har inntrykk av at årets fiske er dårleg.

– Ein kan vere heldig å få store fiskar og andre gongar får ein ingenting. I år er eitt av åra der eg har fiska minst, seier Leine. Han jobbar som fiskar på ein havgåande båt, men no har han fri og er her på hobbybasis.

Jon Ivar Leine og Anders Holen på Borgundfjordfiske 2023

Jon Ivar Leine fiskar deltek på Borgundfjordfiske kvart år, både fordi det er sosialt og spanande.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Les også Fiskarane heiser piratflagg i protest

Kystfiskarane protesterer med piratflagget heist på grunn av nye krav til rapportering.

Stor del av fisket

Det er strenge krav til yrkesfiskarar som må rapportere inn kor mange kilo dei fiskar av kvar sort. Grunnen er at styresmaktene kan sjå om fisket er berekraftig.

Men ein betydeleg del av fisket i Noreg blir gjort av hobbyfiskarar og turistar, viser ei kartlegging frå Havforskingsinstituttet. Dei må ikkje rapportere slik som yrkesfiskarane gjer.

No skal forskarane finne ut kor mykje fisk som blir henta opp under Borgundfjordfisket.

– Det er lite kunnskap om kva som blir tatt av fritidsfiskarar. Når ein skal sjå på det totale uttaket i kystsonen er det viktig å ta med alle aktørane, seier forskar Keno Ferter.

Keno Ferter og Otte Bjelland er forskarar ved Havforskingsinstituttet. Her er dei ute i båt med termodress, regnbukse og redningsvest.

Keno Ferter og Otte Bjelland frå Havforskingsinstituttet kartlegg kor mykje fisk folk fangar på fritida si. Dei samarbeidar med Runde Forsking.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Forskarane har montert kamera på land som tel kor mange båtar som er på fiske i Ålesund. Dei sjekkar også fangsten og gjer intervju. Til slutt reknar dei ut kor mykje torsk som blir fanga.

Gjennom dei siste ti åra har forskarane hatt fleire liknande prosjekt andre stader i landet. I Hordland blei det avdekt at fritidsfiskarane drog inn meir torsk i kystsonen enn kommersielle fiskebåtar.

Borgundfjordfisket for over 100 år siden.

Myten seier at når fisket var på sitt største kunne ein gå tørrskodd fleire kilometer over fjorden på grunn av alle båtane.

Foto: Aalesunds Museums fotosamling

Sårt å ikkje få fiske

Ole Morten Sorthe

Ole Morten Sorthe er konstituert dagleg leiar i Sør-Noregs Fiskarlag

Foto: Silje Thalberg / NRK

Det tradisjonsrike Borgundfjordfisket har vore stengt for garnfiske i gytesesongen dei siste 14 åra. Området var viktig for mange av yrkesfiskarane før dei fekk forbod og førte til at dei måtte finne seg andre fiskeplassar.

– Borgundfjordfisket er eit flott syn og vi unner lokalbefolkninga at dei skal få hauste av naturens gåver, men for mange yrkesfiskarar er det sårt at ein ikkje får utnytte torsken der, seier Ole Morten Sorthe i Møre og Romsdal fiskarlag.

Dei ser positivt på kartlegginga til Havforskingsinstituttet og håper at ny kunnskap skal føre til at Borgundfjordfisket kan bli opna igjen for yrkesfiskarar.

– Der er tidvis absolutt mykje fisk som sig innover fjorden og kjem for å gyte. Vi meiner grunnlaget er på plass for å opne for yrkesfiskarar, seier Sorthe.

Borgundfjordfisket i 2022. Vi ser fleire småbåtar i solnedgang, med snødekte fjell i bakgrunnen.

Havforskingsinstuttet tel kor mange båtar som deltek i Borgundfjordfisket. Dette biletet er frå fjoråret.

Foto: Keno Ferter / Havforskingsinstituttet