Sve ut mot Stranda-ordføraren

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp), nytta kommunestyremøtet til å lese opp ein appell frå fagorganiserte som streika. – Uhøyrt, meiner Frank Sve (Frp), som kallar det regelbrot.

Frank Sve

Frank Sve (Frp) reagerer på at ordføraren i Stranda framførte ein appell frå dei streikande på slutten av kommunestyremøtet onsdag.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det var på slutten av Stranda sitt kommunestyremøte onsdag at ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) nytta høvet til å gå på talarstolen for å framføre appellen frå dei streikande.

Gruppeleiar for Frp i Stranda, tidlegare ordførar Frank Sve, peikar på at det er ein politisk streik og reagerer på at Tryggestad gjorde dette utan at det var sett på dagsorden.

– Dette var ikkje anna enn eit kupp av kommunestyret, seier Sve.

Les også:

Avviser kritikken

Frank Sve meiner opplesinga av appellen er eit brot på dei demokratiske og politiske spelereglane i eit kommunestyre. Han reagerer også på at det ikkje var mogleg for andre kommunestyremedlemmar til å debattere det som vart framført.

Jan Ove Tryggestad

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp), stiller seg undrande til kritikken etter at han gjekk på talarstolen og framførte appellen frå dei streikande etter kommunestyremøtet onsdag.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordførar Jan Ove Tryggestad avviser kritikken. Han møtte dei 130 streikande like før kommunestyremøtet og fekk overlevert ein appell som han valde å lese opp på slutten av møtet.

– Eg tok imot bodskapen frå dei streikande og vidareformidla det til kommunestyret.

– Slik eg vurderer det er det slett ikkje noko overtramp.

Har ein politisk appell frå streikande noko å gjere i eit kommunestyremøte?

– Ja, det synest eg absolutt det kan ha.

Undrande ordførar

Jan Ove Tryggestad seier han er klar over at ikkje alle synest ein slik appell bør framførast på eit kommunestyremøte, men valde likevel å ikkje opne for debatt.

– Det var rett og slett fordi at saka ikkje var sett på sakskartet, seier Tryggestad.

Han kjem ikkje til å be om orsaking på neste kommunestyremøte.

– Nei, eg kan ikkje sjå at det er noko sakleg grunnlag for ei orsaking. Om dette blir sett på som eit alvorleg brot på regelverket, så blir eg litt undrande.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.