Hopp til innhold

Svært hektisk nyttårsnatt for politiet

Fleire alvorlege brannar, slagsmål og fyll skapte ei uvanleg hektisk natt for politiet.

Brann Sukkertoppen
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det blei ei uvanleg hektisk natt for politiet og brannvesenet. For både før og etter midnatt skapte nyttårsrakettar, festing og fyll til uvanleg mange utrykkingar og oppdrag.

– Det har vore ein svært hektisk start på det nye året her på Sunnmøre. Men ingen alvorlege hendingar, skriv operasjonsleiar Borge Amdam, 1. nyttårsdag klokka 7.38.

Fleire brannar på grunn av rakettar

Både i Herøy, der fem menneske blei huslause, og på Ellingsøya måtte brannvesenet rykke ut til omfattande sløkkearbeid. Ifølgje politiloggen har naudrakettar skapt problem fleire stader.

– Fleire brannar blei starta etter at rakettar avtente terrenget, står det i loggen. Både på Sukkertoppen i Ålesund og Kverve/Ellingsøy blei det omfattande brannar, berre på Kverve blei eit område på rundt seks mål svidd av, ifølgje loggen.

Mann i sjøen i Kristiansund

Ein mann ringde sjølv AMK klokka 3.28 og fortalde at han låg i sjøen i Vågen i Kristiansund. Både politi og brannvesenet søkte i området, og fann han etter kort tid mellom ein båt og ei flytebrygge.

Dytta ned betongtrapp

I Kristiansund melder politiet at to menn med få minutts mellomrom har blitt dytta ned ei betongtrapp. Den første fekk små skadar, men den neste var såpass medtatt at han blei sendt til sjukehus. Ifølgje politiet var han først medvitslaus og blødde frå hovudet. Saka blir no etterforska.

Fleire valdsepisodar

Fleire personar er sende til legevakta og sjukehus på grunn av vald. Ein person i Stordal blei køyrt til sjukehus etter å ha blitt slått gjentekne gongar. På Valderøya i Giske blei ei kvinne også slått fleire gongar, ifølgje politiloggen. Ein gut skal ha blitt slått då han forsøkte å forhindre ein mann frå å stele mopeden hans i Ålesund.

På Moa i Ålesund skal fleire personar ha starta å slost inne på ein bensinstasjon i 5-tida. Ein måtte til legevakt, etter å ha fått ei flaske kasta etter seg.

Samstundes skal ein mann på Valderøya i Giske ha blitt køyrt til legevakta, etter å ha blitt slått i foten med eit rør. Dette skal ha skjedd etter at han klaga på at ungane vakna av fyrverkeri frå naboen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL