Hopp til innhold

Lyngbrann under kontroll

Etter tre timar har lyngbrannen på Ellingsøya utanfor Ålesund avtatt og brannvesenet har kontroll på situasjonen. Rakettoppskyting har ført til fleire brannar i Møre og Romsdal nyttårsaftan.

Brann Ellingsøya

Eit stort område står i brann på Ellingsøya utanfor Ålesund. Biletet er teke frå Valderøya.

Foto: Stein Kåre Synnes

Berre 30 minutt inne i det nye året melde politiet om ein lyngbrann i Sandvikane på Ellingsøya utanfor Ålesund.

Vanskeleg jobb

Klokka 02.50 opplyser operasjonsleiar Borge Amdam i Sunnmøre politidistrikt til NRK at brannen er under kontroll.

Brannvesen og sivilforsvar har teke seg fram til det ubebodde området til fots for å sløkke brannen. I tillegg har mannskap frå redningsskøyta Emmy Dyvi vore involvert frå sjøsida.

– Brannvesenet er i ferd med å få kontroll på brannen. Men det var ein stor jobb, der 5-6 mål med gras og lyng stod i brann, fortel Amdam.

Naudrakett

Politiet har fått opplysningar som gjer at dei trur at ein naudrakett er årsaka til at det byrja å brenne.

– Vi trur at brannen har oppstått på grunn av at ein naudrakett har hamna i lyngen, fortel operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Borge Amdam, til NRK.

– Det er forbode å skyte opp naudrakettar når ein ikkje er i naud, og no ser ein at det er ein god grunn til det forbodet.

Brann Ellingsøya

Brannen på Ellingsøya er i eit område der det er vanskeleg for brannvesenet å ta seg fram. Biletet er teke frå Valderøya.

Foto: Stein Kåre Synnes

Til fots

Brannvesenet rykte raskt ut til staden, men det var ikkje enkelt å kome til på grunn av at det ikkje går veg til brannstaden.

Redningsskøyta Emmy vart rekvirert og Ålesund brannvesen fekk støtte frå både Giske- og Sula brannvesen.

Brannvesenet og sivilforsvaret måtte gå fleire kilometer med brannsløkkingsutstyr for å kome seg til brannstaden.

Brann Ellingsøya

Brann på Sukkertoppen

Det har vore ei hektisk nyttårsfeiring for brannvesenet med grasbrannar som har oppstått på grunn av rakettoppskyting.

– Det har vore svært mange brannar rundt om i distriktet som følgje av rakettoppskyting, fortel operasjonsleiar Borge Amdam til NRK klokka 00.40.

Brann Sukkertoppen

Brannvesenet rykte ut etter meldingar om brann på fjellet Sukkertoppen i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Brann Sukkertoppen

Alle personane som var på Sukkertoppen då det tok til å brenne kom seg uskadd ned.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Like etter at vi gjekk inn i det nye året rykte alle naudetatar ut til fjellet Sukkertoppen i Ålesund. Først såg det ut til å vere ein stor brann, og sidan det var vind i området var det fare for at brannen tiltok.

Alle som var på Sukkertoppen kom seg ned og brannvesenet fekk til slutt kontroll på brannen. Årsaka til brannen var ein naudrakett som hadde hamna i lyngen.

Til slutt gjekk dei ut med ei åtvaring om at alle som sendte opp naudrakettar ville verte meldt til politiet.

Laster Twitter-innhold

Husbrann i Herøy

Like etter klokka 20.00 fekk politiet melding om ein husbrann på Frøystad i Herøy. Då naudetatane kom fram var huset overtent.

Les:

Dei fem som budde i huset var ikkje inne då det byrja å brenne. Politiet veit ikkje kva som er årsaka til brannen.

Hektisk kveld

Brannvesenet har rykt ut til fleire brannar rundt om i Møre og Romsdal nyttårsaftan.

Klokka 17.00 melde 110-sentralen at ein person måtte ha tilsyn av helsepersonell etter røykutvikling i indre bydel av Ålesund. Årsaka var tørrkoking.

Kristiansund brannvesen måtte rykke ut til ein grasbrann på Nordlandet og seinare til ein grasbrann på Averøy.

I Ålesund sentrum vart det grasbrann etter rakettoppskyting og brannvesenet måtte også ut etter meldingar om brann i ei søppelbøtte på Flisnes.

Spjelkavik brannvesen måtte sløkke ein grasbrann i indre bydel. Grasbrannar var det også i Sula og i Vikebukt i Vestnes. Brattvåg brannvesen rykte ut til ein grasbrann og det same gjorde Gjemnes brannvesen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL