Hopp til innhold

Styret held fast innføring av Helseplattforma

Den ekstra bemanninga som mangla for å gjere innføringa av Helseplattforma 27. april trygg er no på plass.

Styret i Helse Møre og Romsdal held difor fast på å sette i gang systemet på dei fire sjukehusa som planlagt. Vedtaket blei gjort i eit ekstraordinært styremøte i dag, mot tre stemmer.

Det trengst ekstra helsepersonell utover den normale bemanninga den første tida, fordi det tar tid å lære seg datasystemet. Desse er henta frå St.Olavs, Helse Nord-Trøndelag, vikarbyrå frå Danmark og frå andre sjukehus i Noreg.

Dei har fått 293 sjukepleiarar frå St. Olavs og 49 frå Helse Nord-Trøndelag. Dei har også henta 36 vekesverk til det merkantile som kan systemet. På legesida er det henta inn 113 vekesverk. Framleis er det eit pågåande arbeid for å styrke bemanninga i sommar.

– Det er ein stor glede at vi har fått det til og det er avgjerande for pasienttryggleiken. Det må vere tid til å vere fersk og øve, seier administrerande direktør Olav Lødemel.

I tillegg skal ca. 140 medarbeidarar frå leverandøren Epic vere fysisk til stades dei første vekene. Det blir også digital support frå St.Olavs hospital. Mange legar er kritiske til at systemet skal innførast no og fryktar at det skal gå utover pasienttryggleiken. Dei har sendt bekymringsmeldingar.