Hopp til innhold

Studentstryk kostar millionar

Rektoren vil likevel ikkje at studentane skal betale avgift dersom dei må ta opp att eksamen.

Lærarhøgskulen i Volda

Høgskulen i Volda.

Foto: NRK

Rektor ved Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam.

Rektor ved Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Studentar som stryk kostar Høgskulen i Volda fleire millionar kroner. Likevel er rektor Jørgen Amdam ikkje for forslaget om at studentane skal betale avgift dersom dei må ta opp att eksamen.

– Med slike system får ein i stor grad byråkrati for å ordne i dette. Derfor vil ein truleg få endå større problem, i alle fall hos ein institusjon som vår, seier rektor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda.

I 2009 var det 7,5 prosent av studentane her i landet som strauk på eksamen.

Når ein student må ta opp igjen eksamen får høgskulane ekstrakostnadar med å lage ekstra sett med eksamensoppgaver, stille med eksamensvakter, sensur og klagesensur, eksamenspapir og generell administrasjon av eksamen.

Vil ikkje gi bøter

Likevel støttar ikkje Amdam universitetsprofessoren i Oslo sitt forslag om å gi studentane ei bot på 5000 kroner dersom dei må ta ein eksamen på nytt.

– I dei aller fleste tilfelle så arrangere vi ulike tilfelle av eksamenar om hausten og våren. Då har vi eit korps av vakter og liknande som vi har uansett. Ein student til eller frå vil ikkje bety så mykje, seier Amdam.

Studentar som stryk, og då spesielt der dette fører til at studentane avsluttar utdanninga si utan å fullføre, vil også gi høgskulane tapte inntekter.

Les også:

Millontap

I 2009 tapte Høgskulen i Volda 3,5 millionar kroner i inntekter på studentar som strauk, noko som utgjer 1,6 prosent av budsjettet.

– Det som hadde vore gunstig for Høgskulen i Volda var dersom flest mogleg studentar gjekk opp til eksamen og stod, fortel Amdam.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL