Hopp til innhold

Dårleg kvalifiserte vil bli lærarar

Halvparten av søkjarane til lærarutdanning for grunnskulen i Volda er ikkje kvalifiserte. Dermed klarer ikkje høgskulen å fylle opp klassene.

Lærarhøgskulen i Volda

Mange vil hit til lærarhøgskulen i Volda utan å vere kvalifiserte.

Foto: NRK

Ansvarleg for lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, Rakel Christina Granaas, seier ho er overaska over at så mange som søkjer ikkje oppfyller minstekrav til karakterar frå vidaregåande.

–Skuffande

Minstekrava har vore dei same i fleire år, og Granaas meiner dei burde vere godt kjende.

–Det er ikkje berre skuffande at det blir færre lærarstudentar enn forventa, det er også vanskeleg i forhold til korleis vi har planlagt oppstarten til hausten.

Det er søkarane til lærarutdanning for grunnskulen som har dei dårlegaste søkjarane. Der er 23 av 45 søkjarar ikkje kvalifiserte. Blant søkjarane til utdanning for ungdomsskulen er 10 av 46 ikkje kvalifiserte.

Får ikkje plass

Dei som har for dårlege karakterar frå vidaregåande skule får ikje plass ved lærarutdanninga sjølv om det er mange ledige plassar.

–Dei som har fått plass og kjem hit for å studere til hausten er godt kvalifiserte, heldivis. Det vi skulle ønskje er at fleire var kvalifiserte, seier Granaas.

Det er plass til dobbelt så mange lærarstudentar som er tatt opp ved lærarutdanning for grunnskulen i Volda og 10-20 plassar for dei som vil utdanne seg til ungdomsskulelærar.

Høgskulen håper på fleire kvalifiserte søkjarar når plassane blir lagde ut på restetorget som opnar 20. juli.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL