Hopp til innhold

– Eg trur alle studentane synest det var godt å kome hit

I dag var medstudentar ved Høgskulen i Ålesund samla for å minnast Anja Weløy Aarseth.

I dag var medstudentar ved Høgskulen i Ålesund samla for å minnes Anja Weløy Aarseth.

Studentar og tilsette ved Høgskulen i Ålesund heldt i dag ei minnemarkering.

Minnemarkering for Anja Weløy Aarseth
Foto: Frode Berg / NRK

Studentar og tilsette ved Høgskulen i Ålesund heldt i dag ei minnemarkering for 21 år gamle Anja Weløy Aarseth. Sjølv om studenten formelt ikkje er identifisert, er det alt som tyder på at det var ho som vart funnen drepen på byfjellet Aksla i Ålesund laurdag. Då hadde det vore ein storstilt leiteaksjon etter henne i tre dagar. I dag var det ei trist stemning som prega Høgskulen.

Kristine Aarnes er leiar i Studentparlamentet og saman med ei klassevenninne av Anja, var ho framme på talarstolen. Venninna las diktet «Tusen tårer» til minne om 21-åringen.

– Det var godt å kunne samlast i dag og snakke om det. Vi må stå saman i den vanskelege tida, seier Aarnes.

I inngangspartiet til skulen var det i dag mange som tente lys og la ned blomster.

Tøffe dagar

Blomster på Høgskulen i Ålesund

Studentar la ned blomster ved høgskulen til minne om Anja Weløy Aarseth.

Foto: Frode Berg / NRK

For ho og dei andre på høgskulen har det vore tøffe dagar. Ho innrømmer at det har vore vanskeleg å ha tillitsvervet ved skulen dei siste dagane og få inntrykk både frå mannskapet under leiteaksjonen, studentane og leiinga. Sjølv var ho med på leitinga saman med mange andre studentar.

– Eg trur denne saka vil prega studentane ei lang tid framover, spesielt for dei som gjekk i klasse med Anja, seier Aarnes.

Ho set pris på støtteapparatet som skulen tilbyr og seier at det er fint for studentane å ha nokon å snakke med og lufte alle tankane med. Skulen har psykolog som er disponibel for både klassekameratar og andre studentar. Ho orkar ikkje tenke på at saka ikkje er løyst og at det kan ta tid på å få svar kva som skjedde.

– Vi må ta ein dag av gongen, seier Aarnes.

Utsette eksamen

Direktør ved høgskulen, Roar Torbo, seier at markeringa vart slik dei ynskte.

Han trur aldri at Høgskulen i Ålesund nokon gong vert den same att etter denne tragiske saka, men at det er viktig å sjå framover.

– Det er viktig for å oss å tenkje framover og kome i gang att, seier Tobro.

180 studentar måtte utsette eksamen i dag og all undervisning vart avlyst. Frå i morgon håper ein å kome i gang med undervisning att.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL