Hopp til innhold

Kval med plast i magen skapte ny strikketrend

Ein miljøtrend har med stor kraft slått inn over norske strikkarar. Det er miljøvenleg og berekraftig strikkegarn som gjeld. Trenden berre aukar stadfestar ein av landets største garnprodusentar.

Strikkeklubb har møte i Ålesund.

Miljøvenleg strikking er ofte tema når Strikkeklubben er samla til møte. Ein gong i månaden samlast dei etter stengetid i ein garnbutikk i Ålesund. F.v. Solveig Sørnes, Elise Nilsen Rogne, Sara Bøstrand, Ida Van Der Klaauw og Karoline Rommetveit.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg synest det er vanskeleg å vite kva genserar du kjøper i butikkane inneheld. Heretter skal det vere minst mogleg plast i genserane mine, og difor vil eg lære å strikke, seier Malin Hjelle i Ålesund medan ho kikar på garn i eitt av garnutsala i byen.

Ung kvinne i garnbutikk-

Malin Hjelle vil bidra i kampen mot meir mikroplast i havet ved å strikke sine eigne gensarar.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Tanken på berekraft og gjenbruk gjer det heilt utaktuelt for henne å bruke garn laga av kunstfiber for det utløyser mikroplast ved vask og hamnar i havet.

– Eg vil gjere mitt for å unngå slike utslepp, og heimelaga strikkeplagg er eit lite bidrag, seier ho.

Magesekken til avlivet gåsenebbhval

Gåsenebbkvalen på Sotra som hadde 30 plastposar i magen, var ein vekkar for svært mange. Også for dei som elskar strikking.

Foto: Christoph Noever / Universitetet i Bergen

Sjokkbileta av den sjuke kvalen på Sotra som for to år sidan måtte avlivast fordi magen var full av plastposar, var ein miljøvekkar for svært mange. For Malin var det så skjelsettande, at ho tek grep og vil lære seg strikkekunsten. Til slutt vel ho seg ut brunfarga, mjukt gensergarn.

– Desse er laga av norsk, kortreist ull, så no veit eg kva eg får, seier Malin Hjelle.

Strikka ullgenser eter gamalt mønster.

Genserar er plagget som blir strikka aller mest i Noreg. trenden er at dei skal strikkast av norsk ull og etter eldre, nostalgiske mønster.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Genserar er elles plagget som blir aller mest strikka her i landet.

Meir miljøfokus mellom maskene

– Kvalen var eit vendepunkt. Det har absolutt vore ei utvikling og bevisstgjering om klede og miljø hos alle dei to-tre siste åra, også hos strikkarar. I tillegg til kvalen har auka fokus på andre miljøsaker, forsking, bøker og anna verka inn, seier Ingun Grimstad Klepp, ein av landets fremste og mest anerkjente tekstilforskarar. Ho er seniorforskar ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO og gler seg over at den nye, entusiastiske generasjonen strikkarar har meir miljøfokus.

Ingun Grimstad Klepp er seniorforskar ved SIFO, Forbrukerforskningsinstituttet ved OsloMet.

Ullentusiast og forskar Ingun Grimstad Klepp har i tre år leia eit tverrfagleg team som forska på miljøforbetringar ved norsk ullproduksjon og kortreiste, lokalproduserte klede. Fleire bøker og publikasjonar er ein del av resultatet.

Foto: Ketil Kern / NRK

– Dei tenkjer meir på berekraft og miljø både i val av garntypar og i forståinga av at ulike garnkvalitetar eignar seg til ulike føremål. Det som skjer no, er at ull ikkje berre er ull, men at det også blir skilt mellom kvar ulla er produsert og korleis det skjer, seier Grimstad Klepp.

– Strikking i Noreg har elles vore svært dominert av ull, i motsetnad til akryl som blir brukt mange andre land, legg ho til. Ei gransking ho var med å utførte i regi av SIFO i 2016 viste at vel 43 prosent av dei spurde kvinnene hadde strikka eller laga andre produkt av ull siste året. Fire prosent av mennene svarte det same.

Stikkord for miljøfrelste strikkarar er opphav og garntypar, berekraftig garnproduksjon gjerne basert på lokal- og småskalaproduksjon, etisk dyrevelferd og arbeidsmiljø, fargetilsetjingar, kjemikaliebruk og endeleg om garnet gir frå seg mikroplast under vask.

Berekraftig strikkeklubb

Etter stengetid i eit fargerikt butikklokale i Ålesund dansar strikkepinnar mellom maskene og tryllar garn om til nye strikkeplagg. Det er Strikkeklubben for dei under 35 år som er samla, og i kveld sit 10–11 småbarnsmødrene med strikkearbeidet i fanget. Alle har strikkedilla og jaktar mest mogleg miljøvenleg garn. Kunstig framstilt garn, altså syntetisk garn som akrylgarn er utenkjeleg å bruke. Heller ikkje desse røynde strikkarane vil bidra med meir mikroplast i naturen.

Strikkande kvinne i Ålesund.

Linn Jeanette Rønes har strikkedilla, og gjer alt ho kan for at det ho lagar skal skade naturen minst mogleg.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Vi er bevisste kva garntypar vi brukar og vil ha garn av naturlege fiber som rein ull. Nokre brukar helst ufarga ullgarn, andre vil ha sprekare fargar, seier Linn Jeanette Rønes og Ida van Der Klaauw, initiativtakarane til strikkeklubben i sunnmørsbyen. Begge slår fast at stadig fleire med hjarte for strikking er opptekne av miljø- og klimaavtrykket hobbyen gir.

Dei seier også at mange prøver å unngå superwash-behandla garn, og stadfestar at slikt garn har blitt eitt fy-fenomen i mange strikkemiljø. Kort forklart er superwash-behandling ei etterbehandling der ulla blir vaska i mellom anna klor for at plagget betre kan tole vask i vaskemaskin. Mange strikkarar hevdar slikt garn skaper mikroplastforureining, men synet møter motstand hos tekstilforskar Ingun Grimstad Klepp.

Langt liv og gjenbruk

Nordmenn har i snitt 359 plagg i klesskapet, kvart femte plagg blir aldri eller sjeldan brukt, og vi kastar 23 kilo klede i året, viser ein rapport frå SIFO, Statens institutt for forbruksforsking utarbeidd i 2016.

Strikkeglade damer i Ålesund: Charlotte Kleiven Steinnes t.v. og Line Nakken

Charlotte Kleven Steinnes t.v. og Line Nakken stadfestar at omsynet til miljø og klimautslepp blir meir og meir aktuelt strikkegarnet skal veljast. – Rein, norsk ull er nok det beste, meiner dei to klubbvenninne.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Line Nakken er ei av fleire i strikkeklubben som er bevisst bruk-og kastmentaliteten, og tek berekraftige val. Takk vere strikkedilla hennar, har store og små i familien fleire heimestrikka klesplagg enn kjøpte.

– For meg har sjølvstrikka plagg eigenverdi. Dei blir meir brukte og varer lenger enn kjøpekle. Det ligg faktisk mykje miljøtenking til grunn for strikkinga mi, seier Line.

Klesvask er eit viktig stikkord for Charlotte Kleven Steinnes. Ho legg stor vekt på skilnaden mellom vasking av plagg laga av kunstfiber og sjølvstrikka ullplagg.

Strikkeklubb i Ålesund for dei under 35 år.

Fleire i klubben strikkar iherdig for å bli ferdig med julegåver, og sjølvsagt skal gåvene vere laga av mest mogleg miljøvenleg garn, seier f.v. Elise Nilsen Rogne, Charlotte Kleiven Steinnes, Line Nakken og Linn Jeanette Rønes.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vassforbruket er viktig ut frå eit miljøperspektiv. Ullplagg krev mindre vasking enn dei av kunstfiber, og er meir berekraftige i det heile. For ikkje å snakke om kor kjekt det er at haldbare kle kan gå i arv og til og med resirkulerast, seier Charlotte. No er det strikkeplagg til jul som gjeld for både henne og dei andre i strikkeklubben.

Norsk ull er hot

At ullplagg varer lenge, er den grøne og kvite strikkakufta til Margaret Honningsvåg, ved Husflidutsalet i Ålesund eit prov på.

Butikkmedarbeidar Margaret Honningsvåg ved Husfliden i Ålesund.

Margaret Honningsvåg jobbar ved Husfliden i Ålesund, og registrerer dagleg auka miljøinteresse hos strikkarar. Ho er på jobb i nedarva kufte strikka av norsk ull for 40 år sidan.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Ho er 40 år! Og berre sjå, ho er like fin den dag i dag, smiler ho og tek ein piruett på golvet. Honningsvåg meiner kufta provar at norsk ullgarn er unikt fordi det held seg så godt.

Og ullgarn frå beitande sauer i norske fjell- og fjordlandskapet er ein vinnar blant dei fleste miljøbevisste strikkarar. Det går fram både av mange populære Instagram- og Facebooksider for strikkarar, men også hos garnbutikkane. Husflidutsalet i Ålesund er mellom mange som sel norsk ullgarn som aldri før.

– Etter medieoppslaga om kvalen med magen full av plast, har garnkundane blitt svært opptatte av miljøvenlege val. Strikkarar tenkjer absolutt meir på berekraft og miljø. Dei vel rein ull og gjerne norsk utan superwash-behandling eller kjemikaliar. Kortreist mat og kortreist stikk er i tida, slår butikkmedarbeidar Margaret Honningsvåg fast.

Karin Fagerholt i garnfabrikken til Rauma Ullvarefabrikk i Rauma.

Ubleika ullgarn er populært garn for strikkarar som har miljøavtrykk i tankane. Produksjonsmedarbeidar Karin Fagerholt ved Rauma Ullvarefabrikk handterer ull og garn frå tusenvis av norske sauer kvart år.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ull utgjer berre 1,5 prosent av tekstilproduksjonen på verdsbasis. Her i landet blir knapt fire millionar kilo ull produsert i året, og om lag 25 prosent av dette blir bruk dei norske spinneria. Eitt av dei er Rauma Ullvarefabrikk, den nest største garnprodusenten i landet etter Sandnes Garn.

Marknadssjef Erling Digernes på lageret til Rauma Ullvarefabrikk i Rauma.

Lageret er full opp av ullgarn som er klart for å sendast ut til 300 butikkar rundt om i Noreg, seier marknadssjef Erling Digernes ved Rauma Ullvarefabrikk.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Auka miljøfokus blant strikkarar er definitivt ein trend, og trenden berre aukar på, slår marknadssjef Erling Digernes fast.

Bedrifta i Rauma er ein tradisjonsrik aktør i produksjonen av norsk ullgarn, og set i år ny omsetningsrekord på vel 70 millionar kroner. Sandnes Garn reknar med ei omsetjing på rundt 270 milionar kroner i år, opplyser administrerade direktør Harald Mjølne.

Den nye miljøtrenden fører til at uvanleg mange strikkarar vil forsikre seg om at garnet dei brukar er berekraftig.

– Dei tek direkte kontakt med oss, og dagleg får vi telefonar og e-post frå handstikkarar som spør korleis garnet er produserer, og kva som vil vere rette miljøvalet for dei, seier Erling Digernes.

Butikkhyller fylt opp av strikkegarn.

Strikkarar har eit stort fargekart å velje i på garnfronten, og etterspør stadig meir garn som ikkje skadar natur og miljø.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Tilbake til forskaren som blir kalla orakelet innan norsk tekstil, Ingun Klepp Grimstad. Ho er ullentusiast på sin hals, og deler gjerne sine beste miljøtips med strikkarar.

– Vil du vere berekraftig, så start med å bruke garnet du alt har liggande i huset. Rekk opp att om du gjer feil, og strikk det på nytt. Då kan du bli skikkeleg fornøgd med det du har laga. Strikk til nokon som verkeleg treng plagget, det bidrar til at kleda blir mykje og lenge brukte. Og endeleg om du vil at plagga skal vare lenge, vask og stell dei på riktig måte, og ikkje vask dei for ofte. Då kan dei til og med gå i arv!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL