Hopp til innhold

Kan skru på att straumen i Todalen

Folk i Todalen skal no ha fått att straumen etter raset som tok både kraftforsyninga og vegen for to dagar sidan.

Lilly Gunn Nyheim

Varaordføraren i Surnadal kommune, Lilly Gunn Nyheim, er glad for at det ordinære straumnettet er tilbake i drift i Todalen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Folk har no ein normal straumsituasjon og det er kjempeviktig, seier varaordføraren i Surnadal kommune, Lilly Gunn Nyheim.

Etter at Statens vegvesen fekk klarsignal om å arbeidet 20 meter frå raskanten har arbeidet med å sikre straumforsyning til Todalen gått som planlagt. Dei første kundane fekk normal straumforsyning frå 00.37 natt til fredag og siste kundane vart tilkopla 02.24, skriv Svorka Energi i ei pressemelding.

– Ekstrem situasjon

Til alt hell gjekk ingen menneskeliv med i steinraset som tysdag drog med seg om lag 100 meter av vegen mellom Svinviktunnelen og bygda Todalen. Men utan straum og utan bil eller båttransport, har situasjonen vore vanskeleg for dei 350 innbyggjarane.

– Det er ikkje vanleg at eit ras skjer. Det er ein ekstrem situasjon, seier Nyheim.

Verkar folk engstelege?

– Til å byrje med var dei sjølvsagt det. No har Raude krossen vore på besøk i alle husstandar og vi har hatt kontakt med alle brukarane av heimetenesta, så no trur eg at vi oversikt, seier varaordføraren.

– Det er berre å gi honnør til todalingane for korleis dei har takla situasjonen, legg ho til.

Båttransport neste

I går letta stemninga då det var det vart klart at ein skyssbåt for personar ville bli sett opp og at det ville bli jobba mot ei ferjeløysing. I dag er det nytt krisemøte i kommunen klokka 10, og det vil bli informasjonsmøte i Todalen klokka 14.

Kva vil de gjere etter dette?

– Den neste utfordringa er framleis transport. Verst er det for gardbrukarane. No må vi få ordna frakt av varar og syte for at folk frå det dei treng, seier varaordføraren.

Kva med bilane?

– Vi har ein båt frå kystbåten og ein lekter som vi skal prøve å frakte ein eller to bilar med. Vi skal gjere så godt vi kan.