Hopp til innhold

Kommunen og ferjeselskap kranglar: Kan ende med at elferje må gå på diesel

Stranda kommune meiner elferja sitt ladeanlegg på kaia blir trafikkfarleg. – I verste fall må ferja gå på diesel, svarar Fjord1.

Frank Sve og Jon Petter Aambakk

Politikar Frank Sve (Frp) og næringsdrivande Jon Petter Aambakk meiner at det ladeanlegget for elferja ikkje bør byggast på kaia.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

På ferjekaia i Stranda sentrum står ein illsint politikar. Frank Sve fryktar at området skal bli ei trafikkfelle.

Striden handlar om den nye elferja som snart kjem. For å lade batteriet planlegg ferjeselskapet å bygge eit teknisk anlegg på kaia. Det nektar Stranda kommune. Dei meiner bygget pressar gåande ut i vegbanen.

– Dette må vere einaste plassen i landet at gang- og sykkelareal og areal for mjuke trafikantar blir ofra for eit bygg som ser ut ein fjøs. Og ikkje skal det vere dyr der heller, rasar Frank Sve (Frp). Han er leiar av planutvalet.

Grafikk som viser hvor partene ønsker plassering av ladestasjon for el-ferje på Stranda

Fjord1 meiner at ladinga av ferja må skje på kaia, på grunn av dei store mengdene med straum som krevst. Planutvalet i Stranda kommune meiner ladeanlegget bør byggast eit lite stykke unna.

Grafikk: NRK / NRK

Har bestilt elferje

Langs heile kysten blir dieselferjer erstatta med elferjer for å redusere klimagassar.

Ferja som skal inn i sambandet Stranda-Liabygda er under bygging i Tyrkia.

Stranda kommune vil ha ladestasjonen bort frå kaia og litt ut av sentrum. Dei foreslår å legge straumen i kabel gjennom vegen.

– Det er tullete at Fjord1 har brukt meir pengar på advokat i staden for å grave den forbaska grøfta dit bort, seier Sve og peikar på området han meiner bygget bør stå.

Fjord 1 klaga til Statsforvaltaren, som oppheva Stranda kommune sitt avslag på søknaden. Stranda kommune har deretter sagt nei til bygging på nytt.

– Dette tenner meg som folkevald. Dei lyttar ikkje til innbyggjarane og bryr seg ikkje om kva folk meiner. Det provoserer meg kraftig, seier Sve.

Illustrasjon på ladeanlegget på Stranda ferjekai

Det raudmåla tekniske bygget skal sørge for at ferja kan køyre elektrisk.

Foto: Norconsult

Dårleg for næringsdrivande

På kaia står også Jon Petter Aambakk. Han driv frisørsalong like ved ferjekaia og meiner ladestasjonen kjem til å dominere det vesle sentrumet. Det tekniske bygget blir 65 kvadratmeter.

– Vi er innforstått med at dei må ha ein ladestasjon, men den må plasserast slik at den kjem ut av sentrum, seier Aambakk.

For han som næringsdrivande er det viktig at kundane finn han. Han fryktar at dei ikkje gjer dei dersom det kjem eit stort bygg som sperrar sikta til gata.

Må gå på diesel

Fjord1 avviser at ladeanlegget er trafikkfarleg og peikar på at Statens vegvesen ikkje har hatt innvendingar til plasseringa av bygget. Ferjeselskapet ser ingen andre alternativ enn å bygge på kaia.

– På grunn av mengda straum vi skal flytte gjennom kablane til ferja, kan det ikkje vere for stor avstand, seier Terje Seljestokken. Han er prosjektleiar i Fjord1.

Dei eig heller ikkje tomta som er føreslått og selskapet har ikkje konsesjon til å føre straum gjennom andre sine eigedomar. No er dei ein månad forseinka til å starta elektrisk drift av ferja, men den har også dieselmotorar.

– I verste fall må ferja må fortsette å gå på diesel og ein får ikkje redusert CO₂-utsleppet som vi har forplikta oss til, seier Seljestokken.

Med elferjer skal CO₂-utsleppet gå frå 2320 tonn i året til 650 tonn.

Dei klagar no saka inn på nytt til Statsforvaltaren.

Ferja mellom Stranda og Liabygda

Også på den andre sida av fjorden, i Liabygda, meiner politikarane at det er trafikkfarleg med ladestasjon på kaia.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Vogntog klarer ikkje snu

Også på andre sida av fjorden, i Liabygda, har kommunen innvendingar mot plasseringa av ladestasjonen. Ladeanlegget skal stå på den einaste plassen vogntog kan snu, og det meiner kommunen kjem til å føre til kaos.

– Eg er mektig provosert. Det er nesten ikkje råd å ta Fjord1 på alvor, seier Sve.

Dersom klagen til Fjord1 når fram, kjem han til å ta saka vidare til kommunaldepartementet og Stortinget.

– Er ikkje det grøne skiftet viktig då?

– Det grøne skiftet er viktig, men våre innbyggjarar og deira tryggleik er faktisk viktigare, seier Sve.

Ferje med Stranda sentrum og Stranda ferjekai i bakgrunnen

I desember kjem det elferje i sambandet mellom Stranda og Liabygda. Frå 1. januar skal ferja etter planen gå på batteri, men den har også dieselmotor.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL