Synet på Bygde-Noreg som traust og forsiktig står kanskje for fall dersom planane i Halsa blir realisert. For Jan Erik Glåmen har tenkt veldig stort når det skal byggjast eit nytt stopp langs hovudfartsåra E39.
Jan Erik Glåmen samarbeidar med Snøhetta for å få realisert prosjektet langs E39.
Foto: Eirik Haukenes / NRKGlåmen er eigentleg bonde, men er òg grunneigar og utviklar i Halsa handels- og servicepark. No skal eit gammalt steinuttak, eit sår i landskapet, bli til eit smykke som skal få folk til å stoppe opp.
– Der skal det bli døgnkvileplass for vogntog i midten, så har vi bensinstasjon nedpå her. Godsterminal, butikklokale, restaurant og motell i fleire plan skal vere innebygd i fjellet i bakgrunnen, fortel ein engasjert Glåmen medan han viser fram planane til NRK.
Vil ta del i E39-veksten
Det er ei stor utbygging i ein liten kommune. Halsa kommune på Nordmøre har knappe 1500 innbyggjarar, men håper no å få til noko stort. Arkitektane i Snøhetta har planlagt eit større handels- og servicesenter midt inn i terrenget der steinbrotet har vore plassert.
Målet er at det skal bli så ekstraordinært at folk berre må stoppe når dei køyrer E39 gjennom Halsa.
– E39 går rett bak oss her, seier Glåmen medan han viser NRK rundt på byggjeplassen.
Europaveg 39 er hovudfartsåra som går langs kysten i Noreg, frå Trondheim, gjennom Ålesund, Bergen, Stavanger, Kristiansund og heilt ned til Aalborg i Danmark.
– Trafikken aukar sterkt. Med dette anlegget ønskjer vi å ta del i den trafikken og den veksten som skjer, vi vil nytte E39 som går gjennom kommunen vår til noko positivt, slår Glåmen fast.
– Eit kjempeløft
Målet er å lage stoppestaden til noko heilt unikt – som gagnar heile kommunen.
– Det er så viktig for små bygdesamfunn at det er noko som skjer. Det å ha infrastruktur, butikkar, restaurantar og kafear er kjernen i eit lokalsamfunn, meiner Glåmen.
Om alt går etter planen er heile området klart i 2020.
– Om vi klarer å realisere dette så er det eit kjempeløft for Halsa som kommune og for Halsanaustan som bygd, trur bonden med sans for bygdeutvikling.
Glåmen viser fram planane for handels- og servicesenteret som skal realiserast langs E39 i Halsa kommune.
Foto: Eirik Haukenes / NRK