NRK Meny
Normal

Satsar på superfjøs i Halsa

Eit nytt superfjøs i Halsa til 11 millionar satsar alt på velvære. Sand på soverommet og eiga spaavdeling er blant nokre av fordelane

Fjøs i Halsa

Det nye superfjøset i Halsa har ein prislapp på 11 millionar. I helga ventar dei inntil 1000 besøkande.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Mjølkeprodusent Jan Erik Aasbø Glåmen i Halsa tok skikkeleg i når han først bygde eit nytt fjøs. Det moderne fjøset har ei total grunnflate på 2300 kvadratmeter og skal gi plass til 120 mjølkekyr.

Ein rekke smarte løysinga gir fordelar både for tobeinte og firbeinte. Mellom anna har kyrne eigne båsar som dei kan stå i når dei vert mjølka. Ein kant på båsen bidreg til å minke sjansen for å bli sparka.

– Har du for eksempel ei uroleg ku, så greier ikkje ho å sparke deg, seier Aasbø Glåmen medan han viser fram det nye fjøset til 11 millionar kroner.

Dyra i fokus

I tillegg kan golvet justerast fleire stadar i fjøset. Men her sluttar komforttiltaka for dei som jobbar i fjøset. For det er ikkje dei fjøset er bygd for.

Jan Erik Aasbø Glåmen

Jan Erik Aasbø Glåmen fortel at det er dyra som er i fokus i det nye superfjøset.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Jan Erik Aasbø Glåmen

Dyra får ligge i fin sand, same sort som blir brukt i barnehagar.

Foto: Eirik haukenes / NRK

– Dette fjøset er bygd primært for at dyra skal ha det komfortabelt. Det er bygd med tanke på at det skal vere mykje lys, lite lyd, god plass og rikeleg med vatn. Det skal vere så godt som det er mogleg for dyra, seier Aasbø Glåmen.

Fjøset er delt inn i fleire område og dyra har mellom anna ei spaavdeling med mjukt underlag der dei kan slappe av.

– Dette er optimalt for dei dyra som for eksempel ventar kalv, er dårleg i føtene eller berre treng litt ekstra pleie, seier Aasbø Glåmen.

I tillegg er fjøset utstyrt med fin sand som dyra ligg på.

– Dette er same type sand som blir brukt i barnehagar. Dei elskar og ligge på sand. For oss som jobbar her er det upraktisk, men det gir så mykje fordelar for dyrehelsa at det er verdt det, seier bonden.

Ventar 1000 besøkande

Gunnar Kåre Røe, i GK Røe AS.

GK Røe har levert leverandør alt av innreiing, mjølkeutstyr og ventilasjon til det nye superfjøset.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Totalt 120 dyr kan nyte dei mange fasilitetane som det nye fjøset i Halsa tilbyr. Løysingane som bonden har valt har vekt såpass oppsikt at dei har valt å arrangere ein open dag på laurdag. Der er det venta inntil 1000 besøkande, mange av dei langvegsfrå.

– Vi veit det kjem folk både frå Bergen og Finnmark. I tillegg kjem det bussar med folk frå Gudbrandsdalen og Trøndelag, seier Gunnar Kåre Røe, i GK Røe AS.

Det er dei som har vore leverandør for alt av innreiing, mjølkeutstyr og ventilasjon til det nye superfjøset.

I Halsa står det som skal vere årets mest omtalte fjøs. Prisen er på 11 millionar kroner. Laurdag er det venta opptil tusen besøkande - som kjem for å sjå inn i framtida...

Sjå video frå det nye superfjøset.