Hopp til innhold

Stortinget skjerpar kravet til bruken av gummigranulat

Naturvernforbundet vil ha slutt på at gummikuler frå Volda stadion hamnar i Øyraelva. No får dei hjelp av Stortinget som krev betre oppsamling av gummigranulat.

Granulat i hand

MILJØFARLEG: Naturvernforbundet fryktar granulat hamnar i Øyraelva i Volda og bidreg til forureining

Foto: Ingrid Telset Heltne / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Lars Haltbrekken

Lars Haltbrekken meiner gummigranulaten forureinar naturen.

Foto: Åsa Maria Mikkelsen

Innan nyttår skal effektivt utstyr for oppsamling av granulat bli tatt i bruk. Dette gjeld både for nye og eksisterande kunstgrasbaner.

Det bestemte eit fleirtal på Stortinget torsdag.

– Dette er eit betydeleg forureiningsproblem, og er den nest største kjelda til mikroplastforureining frå den norske landjorda, seier Lars Haltbrekken, stortingsrepresentant for SV.

Gummigranulat er ein miljøversting

Svarte gummibitar ligg spreidd på bakken rundt, og i vasskanten ved Øyraelva i Volda. Gummigranulaten kjem frå kunstgrasbanene til Volda Stadion, som ligg berre få meter unna. Knut Festø frå Naturvernforbundet i Volda og Ørsta grev i snøen og plukkar opp ein neve gummigranulat.

– Der finst tre-fire forskjellige sortar, dette er den verste miljømessig. Miljødirektoratet sa i 2015 at denne sorten bør unngåast, særleg om det er nærme sårbare vassdrag. Her er vi jo tett opp til Øyraelva, som går rett i fjorden, då går det inn i næringskjeda.

Det finst i overkant av 1500 kunstgressbaner i Norge i dag, og flesteparten av dei brukar gummigranulat som innfyll.

Gummigranulat ved Øyraelva

GUMMIKULER: Langs Øyraelva i Volda ligg det haugar med gummigranulat som kjem frå stadion.

Foto: Ingrid Telset Heltne / NRK

Dyrt med andre alternativ

Volda fotball renoverte den eldste kunstgrasbana nyleg. Då valde klubben å fylle på med gummigranulat.

– Vi gjorde ein del undersøkingar rundt det med granulat. Vi veit at det er ein del fokus på miljø, men i den vurderinga var det sjølvsagt eit prisbilde, seier Lars-Ove Hammer, leiar i Volda Turn og Idrettslag Fotball.

Volda fotball har gjort ulike tiltak for å hindre utslepp i naturen.

– På den nye bana vi har renovert, har vi laga ei grøft som granulaten skal stoppe i. Vi har gjort nokre ting, men kan sikkert gjere meir. Vi prøvar å gjere det beste ut av det, seier Hammer.

Lars Ove Hammer, Volda Turn og Idrettslag Fotball

Lars-Ove Hammer seier Volda Fotball har gjort tiltak for å holde granulaten på kunstgrasbana.

Foto: Ingrid Telset Heltne / NRK

Fokus på miljø

Dei fleste fotballstadion i Noreg brukar gummigranulat. Bjørn Oskar Haukeberg er dagleg leiar i Sunnmøre fotballkrets. Han held kurs i vedlikehald av kunstgrasbaner, eit samarbeidsprosjekt mellom Fotballforbundet og Miljøverndepartementet. Hovudfokuset er å bevisstgjere klubbar om å redusere mengda tonn granulat som hamnar i naturen.

 Bjørn Oskar Haukeberg

Bjørn Oskar Haukeberg held kurs for å bevisstgjere fotballklubbar om å redusere mengda granulat i naturen.

Foto: Aina Rødal / NRK

– Det blir forska på alternative løysingar til gummigranulat, men per i dag er ikkje gode nok miljøvenlege alternativ, og kostnadane er for høge, seier Haukeberg.

– Rydd opp i gamle synder

Naturvernforbundet er einig i at Volda fotball har gjort tiltak, men påpeikar at det ligg gummigranulat i jorda frå fleire år tilbake.

Knut Festø, Natuvernforbundet i Volda og Ørsta

Knut Festø, leiar i Naturvernforbundet Volda og Ørsta

Foto: Ingrid Telset Heltne / NRK

– Eg håper VTI setter i gang oppryddinga av gamle synder og at dei ser på alternativ for framtida, seier Festø.

– Avrenning frå denne bana påverkar alt livet i vassdraget. Så forsvinn det ned i elva og fjorden, og så går det inn i det store maritime kretsløpet. Vi i Naturvernforbundet vil stresse føre-var prinsippet, fordi det ikkje er nok dokumentasjon og forsking på kva verknad dette har på vår organisme og naturen, fortel Festø