Hopp til innhold

Mange norske bruer treng oppgradering

Vegdirektoratet vedgår at det er stort behov for oppgradering av mange norske bruer. Likevel meiner dei trafikantane kan kjenne seg trygge.

Stengd Rauma bru

STENGT: Rauma bru vart hastestengd måndag.

Foto: Solrunn Sylte

VG henta i fjor ut tal frå inspeksjonane til Statens vegvesen, som viste at 104 bruer i Noreg er svekka. Og brusjefen i Vegdirektoratet vedgår at etterslepet framleis er stort.

– Vi har eit relativt stort vedlikehaldsetterslep som vi arbeider med å redusere. Så det er ein stor innsats på gang no for å redusere dette etterslepet, seier han til NRK.

Stengde bru

Børre Stensvold i Vegdirektoratet

TRYGT: Børre Stensvold meiner norske bruer er trygge, trass i stort etterslep på vedlikehald.

Foto: Christine Svendsen / NRK

Måndag hastestengde vegvesenet Rauma bru på E136. Dykkarar oppdaga ein usikker brupilar. Dette er ei av landets bruer som sårt trengde oppgradering, og dette arbeidet hadde halde på i lang tid, før brua blei heilt stengt måndag. Det er slik vegvesenet skal jobbe, for å vareta tryggleiken, seier Stensvold.

– Dersom vi oppdagar noko vi er usikker på, så må vi stenge til vi har funne ut kor alvorleg det er. Tryggleiken kjem først.

Og Stensvold meiner dei har god kontroll på situasjonen, trass det store etterslepet.

– Vi har jamlege inspeksjonar, der eventuelle feil ved konstruksjonen vil bli avdekka.

Problematisk

Bussjåfør i Nettbuss, Lars Hardeland.

OPPGITT: Lars Hardeland, bussjåfør i Nettbuss, er oppgitt over vegstenginga i Romsdalen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Men stenginga av vegen har ikkje vore uproblematisk midt i turistsesongen. Ein av dei som ofte køyrer strekninga, Lars Hardeland frå Nettbuss, ristar oppgitt på hovudet over situasjonen.

– Her har dei halde på med oppgraderingsarbeid og lysregulering i to år, og så oppdagar dei at brua er så dårleg at dei stenger den. Eg synest det er heilt ufatteleg, seier han.

Tysdag vart det klart at turistbussar får køyre over Sogge bru. Seinare same dag bestemte Statens vegvesen seg for å opne for kolonnekøyring for transportnæringa over den same brua.

Lastebileigarforbundet er ei anna gruppe som er råka av vegstenginga, og distriktssjef Dagrunn Krakeli meiner at beredskapen ved brustengingar må bli betre.

– Det har skjedd før, og det vil skje igjen, så planen for omkøyringar eller reservebruer frå forsvaret må vere klar, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL