Hopp til innhold

Usikker brupilar fører til stengd hovudveg til og frå Møre og Romsdal

Statens vegvesen har sett krisestab etter at dei oppdaga ein usikker brupilar langs ei av hovudfartsårene til og frå Møre og Romsdal. Vegen blei umiddelbart stengd og fører til store omkøyringsvanskar.

All trafikk er stansa ved Rauma bru

All trafikk er stansa ved Rauma bru etter at dykkarar oppdaga ein usikker påle under brua. Dette skaper store omkøyringsvanskar for trafikantane.

Foto: Solrunn Sylte

Måndag ettermiddag kom utan varsel meldinga om at ei av dei viktigaste hovudfartsårene ut og inn av fylket er stengd.

Dykkarar hadde same ettermiddag undersøkt pilarane under Rauma bru på Åndalsnes, og funne ut at dei var i langt dårlegare forfatning enn det vegvesenet hadde rekna med.

Ole Jan Tønnesen

Avdelingsdirektør Ole Jan Tønnesen forstår at folk er kritiske etter vegstenginga måndag, men seier dei ikkje hadde noko val.

Foto: Gunnar Sandvik

– Vi blei orientert klokka 15.30 om at den femte pilaren på brua er undergravd av vatn. I samråd med bruekspertar er vi komne til at vi er usikre på brua si bereevne. Sjølv om det ikkje er umiddelbar fare for kollaps, må vi berre stengje, vi kan ikkje gamble, seier avdelingsdirektør Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen i Møre og Romsdal.

Set krisestab måndag ettermiddag

Måndag ettermiddag set vegvesenet krisestab etter å ha fått melding om at brua ikkje lenger blir rekna for trygg, og dermed må stengast. For vegstenginga får store konsekvensar for trafikken til og frå området.

Ifølgje folk i området vil det truleg ta 1 time og 40 minutt ekstra for langtransportsjåførane, som no må køyre via Åfarnes-Sølnes og Molde-Vestnes. Vel og merke dersom ferjene klaffar.

Lars olav Hustad

Ordførar Lars Olav Hustad i Rauma meiner det er ein tankevekkjar at vegvesenet har brukt så lang tid på å restaurere Rauma bru.

Foto: Frode Berg / NRK

– Dei har brukt utruleg lang tid på å reparere brua, og no må dei stengje ho heilt, det er ein tankevekkjar i dette godvêret i 2016, seier ordførar Lars Olav Hustad i Rauma måndag ettermiddag.

Forstår at folk er utolmodige

Vegvesenet har fått kritikk for å brukt for lang tid på utbetringsarbeidet på Rauma bru. Mykje tyder på at kritikken no får ny næring.

– Vi forstår veldig godt at folk er utolmodige og ikkje imponert over tempoet, men det er ikkje så enkelt å avdekkje slike skadar. Skadane under vatn er langt meir omfattande enn antatt, og dette er sakte operasjonar med ekstrem fokus på tryggleik, seier Tønnesen, og legg til at dei vil evaluere prosessen i etterkant.

Lang omveg

For vegstenginga vil medføre store ulemper både for personbilistar og ikkje minst tungtransporten.

Dei minste bilane kan ifølgje vegvesenet køyre via Soggebrua og Gryttenvegen, medan større bilar må ta to ferjer, Åfarnes-Sølsnes og Molde-Vestnes.

– Det er heilt forferdeleg. Korleis går det an, det er spørsmålet vi stiller oss, seier Svein Kroken, som driv eige transportfirma i området.

Han seier brustenginga vil bli eit stort handikap både for turistane som vil besøkje området og for nyttetrafikken.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL