Hopp til innhold

Større interesse for sjømatnæringa

Søkartal frå vidaregåande skular viser større interesse for sjømatnæringa, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding. Totalt har 501 elevar søkt seg til VG2 innan fiskeri og havbruk, og dette er ein oppgang på 130 prosent frå 2012. Fiskeriminister Harald Nesvik skriv i pressemeldinga at det er flott at dei unge tar utdanningsval som sikrar framtidig forvaltning av vår «blå skattekiste».

Harald Nesvik
Foto: Nærings- og fiskeridepartementet