Hopp til innhold

Storm i vente

Det er varsla storm og høg vasstand i Møre og Romsdal.

Storm. Thor Kleive 27/12-07

Thor Kleive, hurtigrutepassasjer, kjempar med paraplyen mot vindbygene.

Foto: Terje Reite / NRK

Thor Kleive måtte kjempe med paraplyen i vindkasta, då han kom på land frå hurtigruta i Ålesund i formiddag.

Stadhavet

Thor Kleive storm Ålesund 27/12-07

Basketak mot vinden.

Foto: Terje Reite / NRK

 

- Hurtigruta kasta godt på seg rundt Stad i morgontimane.  Men det var faktisk ikkje så veldig gale, fortel Thor Kleive. På veg ut av hurtigruta har han slått opp paraplyen, men må  kjempe mot  vindkasta for at det ikkje skal gå gale. Men det var visst verre i Florø i  natt, seier han.  Der hadde mannskapet store vanskar med å få hurtigruta til kai, seier han.

 

Trassa sjøverken

- Hurtigruta vinterstid er ei stor oppleving, seier turistane Gabriella Maertens og Christel Thiele.  Vi har utrusta oss med svjøverk-tablettar og armband mot sjøverken, fortel dei.  Gabriella Maertens er nesten som veteran å rekne som hurtigruteturist.  Og ho har også opplevd Stad-havet verre enn denne gongen:  - Dette var ikkje så ille.  Sjølvsagt gynga det, men det er jo noko av opplevinga ved å feriere på hurtigruta på denne tida av året, seier ho.

Hurtigrutepassasjerar

Christel Thiele og Gabriella Maertens.

Foto: Terje Reite / NRK

Storm

Det er meldt om skikkeleg ruskever vidare ut over dagen.  Spesialvarselet handlar om høg vasstand. Det er meldt 50 til 70 centimeter over høgda som er oppgitt i tidevasstabellen.

Det er vidare meldt om sterk kuling på kysten, periodevis liten storm, minkande i morgon til stiv kuling. Om kvelden frisk bris. Regn-, hagl-, og snøbyer oger 700 til 900 meter. Frå i natt 400 til 600 meter. Utrygt for torever i ytre strøk og i natt. I morgon kveld redusert bye-aktivitet.

storm fiskeflåten ålesund

Sjarkflåten søkjer ly i Ålesund hamn.

Foto: Terje Reite / NRK