Hopp til innhold

Store rørsler ved Veslemannen

Rørslene i fjellpartiet Veslemannen er no 50 cm i øvre del og 3 cm i nedre del. Det er dei høgste rørslene i år. – Det er snakk om eit fjellparti som har flytta seg mykje. Det har dermed bygd seg opp ei spenning over tid som fører til at rørslene no aukar, trass i at det ikkje har kome særleg nedbør, seier Ingrid Skrede, geolog i NVE. NVE vurderer fortløpande om dei må heve farenivået ytterlegare.

Ingrid Skrede
Foto: Olaug Bjørneset / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL