Hopp til innhold

Store forventingar til Fiskerimessa

Annakvart år skjer det. Dei kjem frå nær og fjern for å sjå, bli sett og skaffe seg kontraktar. Rundt 100 av dei kjem frå Møre og Romsdal.

Bedifta Brødrene Hukkelberg på fiskerimessa

Snart klar til å presentere bedrifta Brødrene Hukkelberg for 20.000 besøkande frå inn- og utland. F.v. Øystein, Anne og Tore, alle med Hukkelberg til etternamn gler seg til årets messe.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Fiskerifylket Møre og Romsdal skal vise musklar når verdas største messe for fiskeriteknologi opnar i Trondheim i morgon. Nor-Fishing, eller Fiskerimessa som dei fleste seier, samlar deltakarar frå heile verda.

Sjeldan har forventingane til Fiskerimessa vore større. I år er det rekorddeltaking med heile 550 utstillarar.

– Klart vi må vere med! Vi skal vise oss fram og presentere siste nytt for både nordmenn og utlendingar. Vi har gode erfaringar med at messa skaffar oss kontakt med nye kundar, nye nettverk og gir oss høve til å pleie kundar vi alt har, slår Tore Hukkelberg i Brødrene Hukkelberg As fast.

Anne Hukkelberg

Anne Hukkelbeerg er fjerde generasjon i familiebedrifta, og tek gjerne eit tak for å få til ein god presentasjon av familiebedrifta.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Aukra-bedrifta som blei grunnlagt alt i 1938, er veteran på Fiskerimessa med deltaking sidan 1988. Tore Hukkelberg og broren Øystein sit begge i leiargruppa til bedrifta, og har store forventingar til årets messe.

Hektisk innspurt

Over alt i dei åtte store messehallane ved Nidelva er det yrande aktivitet måndag ettermiddag. Utstillarar frå 25 land er med i ein skikkeleg langspurt før fiskeriminister Per Sandberg opnar messa i morgon føremiddag. Alle har same håpet om at akkurat deira utstilling trekkjer til seg besøkande som jaktar godbitar. Kanskje blir også nye kontraktar inngått.

– Messa er eit barometer for korleis det står til i fiskerinæringa, og er ein viktig arena. Kjem det 20.000 besøkande slik arrangørane trur, kan dette bli veldig bra, seier Øystein Hukkelberg.

Øystein Hukkelberg

Øystein Hukkelberg satsar på at plakaten heng så fint at besøkande blir nysgjerrige på både den og resten av utstillinga deira.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Utlandet vil med

Arrangørane seier at interessa for å delta på årets Fiskerimesse har vore enorm. Særleg har det vore stor pågang frå utlandet.

– Utanlandske aktørar har for alvor fått augo opp for messa og den norske marknaden. Det er rett og slett kamp om plassane. Hadde vi hatt plass, kunne vi hatt med langt fleire, seier Erik Hempel i sekretariatet.

Erik Hempel

Maken til interesse for å delta med utstillingar på Fiskerimessa kan ikkje Erik Hempel eller andre i sekretariatet hugse.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Dei om lag 100 bedriftene frå Møre og Romsdal markerer seg i Trondheim dei komande dagane, kjem frå Smøla i nord til Vanylven i sør. Verd å merkje seg er at fleire skipsverft og reiarlag også er med.

– Det er tydleg at nedgangen i oljenæringa får stadig fleire norske og utanlandske bedrifter til å kaste blikket på fiskerinæringa, stadfestar Erik Hempel.

Sjå og bli sett

For tiande gong er Møre og Romsdal fylkeskommune med og organiserer ein eigen fylkestand. Her blir 12 lokale bedrifter, leverandørar, kommunar og organisasjonar promoterte.

Fylkesordførar Jon Aasen forsvarar gjerne bruken av 800.000 fylkeskroner for at viktige aktørar i marknaden skal legge merke til fiskerifylket Møre og Romsdal.

Sveen Kuuskor

Sveen Kuuskor er på plass for å presentere båtar bygd i heimlandet Estland. stadig fleire utanlandske bedrifter ønskjer å promotere seg Fiskerimessa.

Det ville vekke oppsikt om ikkje fylket, med så enormt stort og viktig fiskeri, teknologi – og innovasjonsmiljø, let vere å ha ein slik fellesstand, seier Aasen.

Fiskerinæringa går spennande dagar i møte der det meste vil handle om teknologi, innovasjon og nyvinningar for dekkmaskineri, maritim elektronikk, skipsbygging, motorar, navigasjons- og kommunikasjonsutstyr, leiteutstyr etter fisk, kjøle- og frysemaskineri, transport, emballasje, miljøtryggleik og tryggleik- og redningsutstyr.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL