Hopp til innhold

Planla bryllaup i tre år – no fekk dei endeleg gifte seg

Sigrid Rogne Åkre (31) og mannen måtte avlyse bryllaupet under pandemien. No opplever kyrkja eit rush av brudepar.

Sigrid Rogne Åkre og Henrik Gullaksen Åkre gifta seg

Sigrid Rogne Åkre og Henrik Gullaksen Åkre gifta seg i Haram kyrkje på Haramsøya.

Foto: privat

Allereie hausten 2019 byrja paret frå Sunnmøre å planlegge bryllaup, men koronapandemien sette ein brå stoppar for giftarmålet og brudekjolen blei hengande i skapet. Først tre år etter gav dei kvarandre sitt ja i kyrkja.

– Dagen var heilt perfekt for oss. Folk var klare for eit bryllaup og det var god stemning, seier nygifte Sigrid Rogne Åkre. 140 gjestar fekk vere med å feire Sigrid og Henrik Gullaksen Åkre, med levande musikk og dans langt utover natta.

Full fest på dansegolvet i bryllaupet til Sigrid Rogne Åkre

140 gjestar var invitert i bryllaupet, der det var levande musikk og stor stemning på dansegolvet.

Foto: privat

Travle helger i kyrkja

Kyrkjer over heile landet opplever auka trykk på bryllaup i år. Kommunikasjonsdirektør Ingeborg Dybvig seier at dei ikkje finst ei nasjonal oversikt, men at kollegaer rundt om i landet melder om travle bryllaupshelger. Enkelte kyrkjer er kreative og arrangerer drive in vigslar og drop in bryllaup.

I Ålesund er dei nesten fullbooka denne neste sommaren og det byrjar å fylle seg opp for neste år også. Grunnen er at mange har utsett bryllaupet.

– Det er mange som har booka om datoen både tre og fire gongar, seier kyrkjeverje Andrea Hunger.

Også kyrkjene i Bergen merkar stor pågang.

Det er som forventa at talet har auka frå dei to førre åra. Det tenkjer vi er på grunn av korona, og at mange har avlyst bryllaupa sine, fortel Gyrid Cecilie Nygaard i Bergen kirkelege fellesråd. I Bergen kan det vere vanskeleg å booke vigslar resten av året i dei mest populære kyrkjene, men nokre stader er det framleis ledig plass.

Borgund kirke

Mange vil gifte seg i Borgund kyrkje i Ålesund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Stor pågang for brudesalong

Det er ikkje berre kyrkjene som har hektiske dagar. I brudesalongen i Ålesund heng kvite kjolar i tyll og silke på rekke og rad. Oksnes brud og selskap er ein av landets eldste og største brudesalongar.

Dagleg leiar, Arne Inge Oksnes, er eit einaste stort smil. For han har det vore to tøffe år med pandemi.

– Det var heilt fælt. Vi hadde nesten ikkje kundar, seier Oksnes.

Men no er brudepara tilbake og pågangen er så stor at han veit om par som må gifte seg i vekedagar fordi dei ikkje får tak i lokale.

– Det er fullt køyr. Så no er det viktig at dei får kjolane dei vil ha, seier han.

Arne Oksnes i brudesalongen.
Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Feirar slutten på pandemien

For Sigrid blei bryllaupsdagen eit minne for livet. Med tre års planlegging gjekk alt som smurt. Kjolen var på plass for lengst, det same var lokale og pynt.

Ho forstår godt at mange vil gifte seg denne sommaren. No kan ein invitere så mange ein ynskjer og det er ingen krav om avstand.

– Det er på ein måte ei feiring av at koronapandemien er over også, seier 31-åringen.

Bryllaupet til Sigrid Rogne Åkre og Henrik Gullaksen Åkre

Sigrid Rogne Åkre og Henrik Gullaksen Åkre hadde planlagt bryllaup i august 2020, men valde å utsette det.

Foto: privat

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL