Frelsesarmeen i Molde har hatt stor pågang i jula.
Frelsesarmeen i Molde har hatt stor pågang denne jula. For eit år sidan opna organisasjonen ei ny varmestove i byen. Leiar Kjell Arne Falla seier dette har ført til at Frelsesarmeen har kome nærare inn på dei som har behov for hjelp.
- Pågangen i jula har vore stor. Vi har fått kontakt med 30 - 40 som er avhengige av rus, seier Falla.
Varmestove
I januar opna Frelsesarmeen ei ny varmestove i lokala sine i Molde, og opplever altså at mange fleire no tek kontakt. 40 matøskje med god, tradisjonell julemat har blitt levert ut. Dette er 10 fleire enn i fjor. Det er rusavhengige, minstepensjonistar, arbeidsledige og einslege mødre som har oppsøkt frelsesarmeen i Molde.
Kjærleik og varme
- For oss handlar dette ikkje berre om å dele ut matøskjer. Det handlar også om å gje kjærleik og varme, i tillegg til å gje mat. Desse personane lagar seg jo ikkje middag kvar dag,så vi er jo med og gir dei næring også, seier Falla. Og så er vi med og gir dei Guds kjærleik, legg han til.
Fattig og rik
Falla ser ikkje vekk frå at enda fleire vil ta kontakt neste år. Behov for mat og kjærleik i juletida er aukande. -Eg synest det er fleire no enn for to tre år sidan. Pågangen blir berre større, seier Falla. Forskjellen mellom fattig og rik er kanskje blitt større, seier han.