Hopp til innhold

Stor intern uro i Arbeidarpartiet – trekte seg etter 39 års teneste

Arbeidarpartiet har så langt i år hatt store og opprivande konfliktar både i Nord-Norge og i Trøndelag. No ser det ut som turen kome til Vestlandet.

Kirsten Irene Skaret

FERDIG I Ap: Kirsten Irene Skaret har vore medlem i Arbeidarpartiet i 39 år. Ho melde seg inn som 15-åring og var med på å starte AUF-lag på Smøla på Nordmøre. Seinare var ho sterkt delaktig i Kristiansund-politikken, mellom anna med 16 års fartstid frå formannskapet. Dei siste par åra har ho vendt tilbake til Smøla og vore med i lokallaget der.

Foto: Roar Halten / NRK

– Det er folk i ulike maktposisjonar som legg føringar i viktige saker. Det blir eit ureint spel. Vi har ein organisasjon og eit partiapparat som vi heller burde ha nytta til slikt, seier Kirsten Irene Skaret.

Etter fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Ap i helga valde ho å trekke seg etter heile 39 års teneste i Arbeidarpartiet.

Strid om nestleiarverv

Begeret som fekk det til å renne over for Skaret var duellen om nestleiarvervet på årsmøtet.

Berit Tønnesen frå Kristiansund, som har vore nestleiar dei siste seks åra, mista vervet til fordel for Hanne-Berit Brekken frå Aure, som var innstilt av valkomiteen.

Hanne-Berit Brekken ble valgt til ny nestleder i Møre og Romsdal Arbeiderparti

Hanne-Berit Brekken vart valt til ny nestleiar.

Foto: Møre og Romsdal Arbeiderparti

Heller ikkje i 2017 var Tønnesen innstilt av valkomiteen, men då vart ho valt for to nye år likevel.

Denne gongen vart ho ikkje det, trass i at mange trudde scenarioet frå 2017 ville gjenta seg. Ifølgje NRK sine kjelder skal fleire ha skifta syn i siste liten.

Skaret var blant dei som røysta for at Tønnesen skulle halde fram.

Men denne saka var berre den siste av fleire som har gjort at Skaret har fått nok.

– Eg skal ikkje legge meg borti sentrale avgjerder eller kva dei gjer i til dømes Trøndelag, men for meg blir det døme på at andre krefter eller andre forum blir avgjerande for personskjebnar og saker, seier Kirsten Irene Skaret, som først stod fram med utmeldinga si i Tidens Krav.

Skaret vil ikkje utdjupe kven desse andre kreftene er, men meiner altså at personar som ikkje er valde i verv i Arbeidarpartiet har for stor makt.

Eit splitta parti

Arbeidarpartiet har tradisjonelt sett ikkje vore like sterke i Møre og Romsdal som bastionane i Nord-Norge, Trøndelag og Innlandet. Men partiet har etter nokre sterke val hatt fylkesordførarvervet sidan 2011.

No slit partiet derimot med stor intern uro i dette fylket, får NRK opplyst frå fleire uavhengige kjelder. I tillegg til maktkampar om ulike sentrale verv er det stor usemje om fleire store veg- og bruprosjekt i fylket.

Fleire ber om å vere anonyme, men Arne Grødahl frå Kristiansund er blant dei som ope støttar Kirsten Irene Skaret sine ytringar.

Arne Grødahl, talsperson for Innsamlingsaksjonen til sykehuset

Nestleiar i Kristiansund Ap, Arne Grødahl.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Eitt eller anna skjedde jo under valet av nestleiar i helga. Men det er vanskeleg å setje fingeren på akkurat kva, seier Grødahl.

Som no føler seg lei av at ikkje politikken til Arbeidarpartiet kjem fram.

– Kor mange snakkar om kva vi vedtok på årsmøtet i helga? Ingen. Det er berre snakk om personkonfliktar. Vi hadde det både på dette årsmøtet og for to år sidan. Og vi ser jo kva som var temaet under Trøndelag Ap sitt årsmøte. Eg vil ikkje nemne namn, men for nokre er det viktigare å vinne spelet enn å drive politikk, meiner Grødahl.

– Skjedde etter retningslinjene

Per Vidar Kjølmoen

Leiar i Møre og Romsdal Ap, Per Vidar Kjølmoen synest det er beklageleg at Kirsten Irene Skaret gir seg i partiet. Han håper ho kjem tilbake ved eit seinare høve. Kjølmoen kjenner seg ikkje igjen i kritikken frå Skaret.

Foto: Trond Vestre / NRK

Fylkesleiar i Møre og Romsdal, Per Vidar Kjølmoen, kjenner seg derimot ikkje igjen i kritikken frå Kirsten Irene Skare.

– Eg har ingen haldepunkt for å seie at ho har rett. Valet av nestleiar skjedde i tråd med retningslinjene. Valkomiteen gjorde sine vurderingar på eit fritt grunnlag. Og voteringa skjedde etter boka, seier Kjølmoen.

Sjølv trur Skaret mange meiner det same som henne om situasjonen i partiet, men at det er vanskeleg å stå fram i dagens medieverd.

– Vi må skape eit klima for openheit. Nokon må våge å setje ned foten og seie at dette ikkje er greitt, seier Skaret.