Hopp til innhold

Stor interesse for å bli fosterforeldre for flyktningbarn

Behovet for fosterforeldre for mindreårige flyktningar er så stort at Bufetat drar ut på turne for å verve nye heimar. Både i Romsdal og på Sunnmøre er interessa stor.

148 enslige, mindreårige flyktninger venter på nye familier å bo hos. 14 år gamle Reza fra Afghanistan er en av dem.

Reza er 14 år og aleine i Norge. Som 148 andre barn i same situasjon, har han eit ynskje større enn alle andre.

Rundt om i landet bur 148 einslege flyktningbarn på omsorgssenter, i påvente av å finne ein fosterheim som kan ta imot dei. I oktober starta Bufetat ein kampanje for å skaffe fosterheimar til einslege mindreårige.

Responsen har vore overraskande stor fleire stader i landet. I Stavanger dukka heile 200 personar opp. No er turen komen til Møre og Romsdal. Også i Molde kom det langt fleire personar enn det Bufetat hadde rekna med. 32 møtte opp og det er heilt uvanleg.

– Når vi har informasjonsmøte kjem det ein eller to personar, seier Eva Hestad. Ho er rekrutteringsansvarleg ved Bufetat i Molde. Ho trur grunnen til den store interessa er at folk har sett dei fortvilte barna på fjernsyn og har eit behov for å hjelpe.

Eva Hestad

Eva Hestad seier at det kom langt fleire på informasjonsmøtet i Molde enn venta. No er det Kristiansund og Åndalsnes som står for tur.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vil ha kjærleik

«Reza» frå Afghanistan er 14 år og ein av dei som håper at norske styresmakter snart finn ein heim til han. Fordi han er så ung, ynskjer hjelpeapparatet at identitetens hans vert halden skjult i denne reportasjen. NRK har gitt han namnet Reza.

– Det eg saknar er kjærleiken som eg kunne fått frå mine eigne foreldre. Det er det eg treng i ein fosterheim, seier 14-åringen. Han bur saman med seks andre gutar på eit omsorgssenter.

LES OGSÅ:

Krev stort engasjement

Håpet til Eva Hestad i Bufetat er å kurse 10- 12 foreldrepar i Møre og Romsdal som fosterforeldre. Hittil har seks familiar meldt seg på kurset. Bufetat skal også halde informasjonsmøte på Åndalsnes og Kristiansund. I Ålesund har møtet allereie vore. Også der var det uvanleg mange som møtte opp for å få informasjon.

– Vi var ikkje overraska over oppmøtet. På førehand har vi fått ein peikepinn om at folk var interesserte, seier Marit Heggen Stokke. Ho er seniorkonsulent for fosterheimstenesta i Bufetat Ålesund.

Eit engasjement for desse barna vil vere viktig også fremover. For medan det sit 148 og ventar i dag, er det forventa at så mange som 900 mindreårige, einslege flyktningar må plasserast i fosterheim i løpet av 2016.

Å vere fosterforeldre for mindreårige flyktningar krev eit stort engasjement, og ei interesse for kulturskilnader.

– Mange av dei som har meldt si interesse er familiar som har flytta hit frå andre land. Ikkje som flyktningar, men vi har folk frå Marokko, Tyskland og Amerika, seier Eva Hestad.

Den største gruppa av flytkningebarn som treng fosterheim, er gutar frå Afghanistan, Eritra og Syria. Dei yngste er under 10 år.

Totalt tal på rekrutterte fosterheimar for fjoråret per 30.11.2015:

  • Region øst, 305 (Akershus, Østfold, Hedmark og Oppland)
  • Region sør, 352 (Buskerud, Vestfold, Telemark, Vest-Agder og Aust-Agder)
  • Region vest, 253 (Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane)
  • Region Midt-Norge, 193 (Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Møre og Romsdal)
  • Region nord, 153 (Nordland, Troms, Finnmark)