Ikkje gjenbruk
Foto: Kjersti Lofthaug

Barna blei for norske for mamma

Ho kunne få barna tilbake frå barnevernet, men så kom beskjeden: Dei var blitt «for norske» til å kome heim.

«Aida» står inne på eit bad i eit hus på Vestlandet. Dei kvite, kalde flisene forsterkar følelsen av uro i kroppen.

Framfor ho sit sonen hennar. I handa har ho ei saks. Klipp for klipp fjernar ho flettene hans.

Mørkt, krusete afrohår fell mot golvet.

Ho kjenner tårene pressa mot augo.

Inni seg brenn det av sinne og sorg.

«Det er berre hår. Det veks ut igjen», forsikrar ho både sonen og seg sjølv.

Det har gått fleire månadar sidan barnevernet tok over omsorga for dei fire barna hennar.

No bur dei i forskjellige fosterheimar rundt om på vestlandet.

«Aida» er saman med dei nokre timar eit par gongar i månaden. Allereie no merkar ho at dei har forandra seg.

Dei veit ikkje korleis dei skal ta vare på håret sitt sjølv. Korleis dei skal vaska det, tørka det, fletta det.

Ho har forsøkt å visa fosterforeldra. Tatt med sjampo og kremar. Børstar og kammar. Men det er vanskeleg når ein sjølv ikkje har afrohår.

Shampoflasker på rekke og rad

No er flettene tapt. Dei er blitt tørre og flokete og det er umogleg å twiste dei til igjen.

På stolen sit sonen igjen med kortklippa hår.

Dei neste åra skal han mista mykje meir enn berre flettene.

Dette er historia om tre barn som vart for norske for si afrikanske mor.

Koster opp hår

Eit liv i barnevernets lys

Me skrur tida tilbake nokre år.

13 år gammal har «Aida» akkurat kome aleine frå eit austafrikansk land til Noreg.

Ho heiter eigentleg ikkje Aida. Me har anonymisert ho med omsyn til barna.

Sidan Aida er mindreårig asylsøkar utan foreldre i landet, får barnevernet ansvaret for ho.

Ho flyttar til forskjellige institusjonar og endar til slutt opp i den vestlandskommunen ho framleis bur i.

Aida får ikkje ein god relasjon til barnevernet. Ho seier ho blir introdusert for dop, alkohol og vald på institusjonane, og ho slit med å fullføra ungdomsskulen.

Som 18-åring blir ho gravid. Det er eit sjokk.

Ho elskar barn, men er redd for korleis det skal gå. Ho er så ung.

Sjølv om Aida er myndig har barnevernet framleis kontakt med ho, slik dei ofte har med ungdom som har vore i barnevernet sin omsorg.

Dei tilbyr hjelp og støtte no som ho skal bli mor.

Ho er skeptisk, men vel å legga tvilen vekk. Ho skjønar at ho kan trenge hjelp.

Dei neste åra fyk forbi. Ho giftar seg med ein barndomsven frå heimlandet og får tre barn til.

25 år gammal er ho mor til fire.

Livet er kaotisk. Dei har dårleg økonomi og må bytta hus fleire gongar.

Men det er også fint. Ho trivs i rolla som firebarnsmor.

Så, ein dag snur alt.

IKKJE GJENBRUK

Leiaren av Norsk innvandrarforum seier det er eit kjent problem at barn frå minoritetar mister kjennskapen til eigen kultur i fosterheimar.

Leiaren av Norsk innvandrarforum seier det er eit kjent problem at barn frå minoritetar mister kjennskapen til eigen kultur i fosterheimar.

«Barna dine kan ikkje bu heime lenger»

Aida hugsar dagen i 2019 som om det var i går.

Telefonen som vibrerte i lomma. Nummeret som lyste på skjermen og hjarta som banka hardt i brystet.

Ho hugsar blikket til læraren hennar i det ho reiste seg frå pulten og gjekk ut av klasserommet.

Kvinnestemma i telefonen hadde ho høyrt mange gongar før. Denne gongen var dama frå barnevernet meir bestemt enn tidlegare.

Aida måtte kome til kontoret deira med ein gong.

Vegen frå skulen til kommunehuset var iskald i vind og snø. Men Aida la så vidt merke til den bitande kulda.

Kroppen var allereie nummen av frykt og fortviling. Ho hadde ein ekkel følelse av kva barnevernet skulle fortelje ho.

For eit knapt år sidan hadde barnevernet plassert barna hennar i mellombelse heimar, såkalla beredskapsheimar.

Aida var innlagd på sjukehus på grunn av ein infeksjon, og sjukehuset sende bekymringsmelding til barnevernet. Ho hadde fortalt at mannen slo ho.

Aida bad om skilsmisse, mannen flytta ut og barna kom heim etter nokre veker.

Men barnevernet hadde fått fleire bekymringsmeldingar dei siste åra. Dei fleste gjekk ut på manglande oppfølging og stabilitet, dårlege buforhold og dårleg økonomi.

No hadde barnevernet fått nok ei bekymringsmelding. Denne gongen frå barnehagen.

Mamma slår, hadde ein av barna sagt.

Barnevernet hadde bestemt seg: Dei fire barna kunne ikkje bu heime hos Aida lenger.

Ho hugsar kjensla av å ikkje få pusta. Av gråten som aldri stoppa.

Ho hugsar panikken og redselen. Og saknet som sat seg fast i kroppen og blei ein del av ho i lang tid etterpå.

Aida nektar for at ho slo borna. Men både fylkesnemnda, og tingretten har seinare lagt til grunn at ein eller fleire av barna har vore vitne til eller sjølv opplevd vald i heimen.

Dei fire barna blir plassert i tre forskjellige fosterheimar. Dei tre yngste i to norske familiar utan fleirkulturell bakgrunn. Den eldste hos eit familiemedlem av Aida.

Kva for nokre familiar dei hamna hos, skulle visa seg å bli heilt avgjerande for framtida.

Kampen for å få dei tilbake

Allereie frå første sekund barna blir tatt begynner Aida jobben med å få dei tilbake.

Ho går på kurs om korleis vera ein god forelder. Ho går til psykolog og tar kontakt med ein advokat.

Ho skil seg frå mannen sin og besøker barna sine så ofte ho kan.

Men barna skal også få ro i dei nye fosterfamiliane, og barnevernet bestemmer at Aida kan få møta gutane mellom seks og åtte gongar i året.

Ein ny frykt brer seg i Aida.

Korleis skal gutane halda på tilknytinga si til Afrika? Kven skal prata språket? Kven skal ta vare på håret? Huda? Korleis skal dei få maten dei er vane med?

På dei få møta dei har saman tar ho med seg heimelaga mat frå landet ho kjem frå.

Ho pratar med dei på morsmålet, men merkar at barna gløymer meir og meir av språket for kvar gong.

I tillegg skal dei andre som er med under møta, som barnevernstilsette, forstå kva dei seier.

Til slutt er det enklare å berre prata norsk.

Samtidig jobbar Aida med seg sjølv.

Ho veit at ho kan få barna tilbake om ho blir vurdert som ei god mor.

I fleire år er det alt ho tenkjer på. Alt ho gjer er i håp om å få gutane heim.

Så, tre år etter at barna først flytta ut, skjer det noko stort. Noko av det største som har skjedd i Aida sitt liv.

Barnevernet har observert Aida kvar gong ho er saman med barna. No meiner dei at Aida har gjennomgått ei personleg utvikling.

Ho har ingen psykiske problem og blir vurdert som ein god omsorgsperson. Dei er heller ikkje bekymra for vald.

Endeleg får Aida den anerkjenninga ho har jobba for. Ho er ei god nok mor for sine barn.

Påsken 2022 får eldstebarnet flytta heim igjen.

Han har budd hos eit familiemedlem og har hatt tett kontakt med mora. Barnevernet meiner det er best at han flyttar heim først, før dei tar stilling til om søskena også bør flytta heim.

Aida er overlykkeleg. Endeleg er det liv i huset. Leiker og spel flyt på golvet og i gangen står det barneskor.

Men dei tre yngste barna bur framleis i forskjellige fosterfamiliar. Saknet og sorga sit framleis i kroppen.

Aida set seg eit mål: Til jul skal heile familien vera samla igjen.

Men når julelysa kjem opp i gatene i november, eit halvår etter eldstebarnet flytta heim, får Aida nok ein knusande beskjed.

Ordet som endrar alt

Ho sit i bilen utanfor pizzarestauranten når telefonen ringer. Aida har lova eldsteguten favoritten hans til fredagsmiddag.

Utanfor snør det så tett at ho så vidt ser skiltet om «Pizza og brus til 199,-».

Det er advokaten som pratar i andre enden. Ho har dårlege nyheiter.

Som så mange gongar før kjenner Aida at pulsen stig og tårene pressa på.

Beskjeden er nådelaus: Aida får ikkje borna heim til jul.

Ho slit med å få pusta. Tårene er umogleg å halda tilbake.

To sakkunnige psykologar har observert og prata med både Aida og barna dei siste månadane.

Dei har vurdert kva for nokre konsekvensar det kan få om dei flyttar tilbake til mor.

No er rapporten klar. Eit spesielt ord stikk seg ut.

Assimilert.

Aida forstår ikkje kva ordet betyr.

Barna er blitt for norske, forklarar advokaten.

I rapporten står det at dei tre yngste barna «har blitt assimilert til norsk kultur, og er på mange måter blitt fremmedgjort fra sin kultur, morsmål, religion, hverdagsliv, matvaner og sosiale omgangsform.»

Dei sakkunnige meiner det vil bli for vanskeleg for barna å flytta tilbake til si afrikanske mor.

Pizzaen blir kald i bilen mens Aida sit lamslått i setet.

Ho tenkjer på alle gongane ho har forsøkt å ta vare på gutane si afrikanske side.

Kremane ho har tatt med til håret og huda. Maten frå heimlandet. Språket.

Så hugsar ho hårklippen. Flettene som forsvann. Språket som blei erstatta med norsk.

Februar 2023 slår fylkesnemnda i Vestland fast at barna ikkje skal heim til mor. Dei legg spesielt rapporten og assimileringa til grunn.

Barna har blitt for norske til å kome tilbake til si afrikanske mor.

Men Aida gir ikkje opp. For barnevernet har ikkje alltid rett. I denne saka skal det visa seg at dei tok heilt feil.

Maggi Rødvik
Foto: Ksenia Novikova / NRK

Sigeren og tapet

Advokaten til Aida, Maggi Rødvik, meiner det ikkje er noko tvil om at barnevernet har gjort feil.

Saman med Aida tar dei saka til tingretten.

Alt skal vurderast på nytt. Det tar tid. Advokaten må samla inn bevis som kan overtyda dommarane i tingretten om at Aida må få barna tilbake.

Ho viser til fleire dommar frå den europeiske menneskerettighetsdomstolen (EMD). Der har Noreg blitt dømd 23 gongar i nyare tid.

Fleire av sakene gjeld foreldre som kjem frå andre land enn Noreg.

I tillegg skal dei sakkunnige psykologane vurdera Aida og barna på nytt.

Tida går. Vinter blir til vår. Vår blir til sommar. Kvar dag spør eldstebarnet om når søskena skal koma heim. Aida veit ikkje kva ho skal svara.

Kveldsbøna handlar berre om éin ting: at familien skal bli samla igjen.

Når hausten bankar på døra til vestlandet er endeleg den nye sakkunnige rapporten klar.

Konklusjonen er mykje det same. Barna er assimilert. Det blir vanskeleg å komme tilbake til ei afrikansk mor.

Men så skjer det noko som gjer heile kampen verdt det. Som skal gi Aida og advokaten rett.

Tingretten vurderer nemleg rapporten annleis enn barnevernet.

Dei meiner barna vil få det betre over tid om dei flyttar tilbake til mor. Då slepp dei å stå i spagat mellom to familiar. Mellom to kulturar.

September 2023 er dommen klar.

Aida får tilbake omsorga for alle barna sine.

Ho tør nesten ikkje tru på det. Fire og eit halvt år med kamp er over.

Eldstebarnet skal få søskena sine heim.

Atter ein gong lar ho tårene trilla ukontrollert. Denne gongen kjem dei av glede.

Likevel kjem sigeren med eit tap. Ho har gått glipp av fire år i barna sine liv. Dei har mista det afrikanske morsmålet.

Sjølv om det er ingenting anna ho ynskjer seg, veit ho at det blir vanskeleg å få dei heim igjen.

Maggi Rødvik
Foto: Ksenia Novikova

– Denne saka er alvorleg. Veldig alvorleg, seier Aida sin advokat, Maggi Rødvik.

Ho har jobba med Aida si sak og andre, liknande saker i mange år.

Ifølge tal frå SSB fekk over 13 000 barn og unge med innvandrarbakgrunn hjelp frå barnevernet i 2022.

Rundt 1800 av dei var under omsorgstiltak, som vil seie at barnevernet tok over omsorga for barnet.

Rødvik er svært kritisk til barnevernet si handtering av Aida si sak.

– Barna blir fornorska. Det er alt for lite kunnskap om korleis bevara kulturen og identiteten til barna. Dei mistar språk og kan få ei identitetskrise seinare i livet, seier advokaten.

Barnevernet burde fokusert mykje meir på hjelpetiltak, heller enn å plassera dei i etnisk norske fosterheimar, meiner ho.

Det lokale barnevernet som har behandla saka til Aida vil ikkje kommentera saka overfor NRK, sjølv om Aida har oppheva teieplikta.

Derfor får me ikkje fortalt barnevernet si side av denne saka.

Skal ikkje skje

I Noreg er det barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet (Bufdir) som har ansvaret for barnevernet. Deira sjef er barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Ministeren vil ikkje kommentera på den konkrete saka, men seier den viser kjente utfordringar i barnevernet.

– Slikt skal ikkje skje. Eg har sjølv hatt møte med foreldre frå norske minoritetar, som har opplevd liknande. Det gjer inntrykk å høyra, seier ho.

– Mor sin advokat meiner barna har blitt «fornorska» i barnevernet. Kva tenkjer du om det?

– Det er alvorleg om det er slike erfaringar med det norske barnevernet.

Toppe seier regjeringa er opptatt av å auka den fleirkulturelle kompetansen i norsk barnevern.

Blant anna har dei oppretta ei vidareutdanning i minoritetskompetanse i barnevernet.

Tove Bruusgaard er fungerande divisjonsdirektør i Budfir.

Ho seier dei står i fleire utfordringar når det gjeld fleirkulturelle i barnevernet. Blant anna slit dei med å få tak i nok fosterheimar som sjølv har fleirkulturell bakgrunn.

Likevel er ho klokkeklar på éin ting:

– Barn skal ikkje assimilerast vekk frå kulturen sin.

Kva gjer Bufdir for å sikra at det ikkje skjer?

– Me har stort fokus på dette i blant anna vidareutdanning og opplæringsprogram. I tillegg inngår kulturforståing i opplæringa til fosterforeldre, seier Bruusgaard.

Epilog

Det er hausten 2023. NRK møter Aida heime, mens gutane er på skulen. Huset er fullt av barneleiker. På veggen heng det teikningar og kunst laga av små barnehender.

– Den første natta gjekk eg mellom romma og såg på at dei sov. Det var heilt enormt å få dei tilbake. Ein draum eg har bedt til Gud om kvar einaste dag i årevis, seier Aida.

– Men eg veit det blir utfordrande ei stund no. Både for meg og ikkje minst for barna.

Ho veit akkurat kor vanskeleg det kan vera å flytta som barn. Å sova i ei ny seng. Begynna på ein ny skule. Eta anna mat.

Heldigvis har ho lært mykje dei siste åra. Ho veit meir om korleis støtte barna. Kor viktig det er med trygge rammer. At dei treng å bli lytta til.

Livet er enklare å handtera som 30-åring. Ho har eit stort nettverk i heimkommunen og forstår meir kva som må til for å oppdra fire barn.

No håpar ho dei får ro, heile familien.

Likevel er ikkje kampen heilt over. Ho vil fortelja si historie for å få til ei endring i barnevernet.

– Om barnevernet kan bruka fornorsking som ein grunn til at barn ikkje kan flytta tilbake til biologiske foreldre, blir me som innvandrarar sat i ein umogleg situasjon, seier ho og legg til.

– Fordi barn blir fornorska i barnevernet. Det er mi historie eit bevis på.

Hei!

Takk for at du leste saka mi om Aida.

Har du ris, ros eller tips til andre saker? 

Eg er journalist i NRK Vestland.

Tidlegare har eg blant anna skrive om Christine som ingen forstod seg på, om Gustav som foreldra berre trudde var lat, og om Oliver som ikkje fekk den hjelpa han trengte i avlastingsbustaden sin.