Hopp til innhold

Han er kanskje Noregs stoltaste svigerfar i dag

I dag smilar Jonny Edvin Finnes frå øyre til øyre. Sigerdotter hans, Erna Solberg, blir statsminister. Svigerfar er yr av glede.

Valsigeren til Høgre har gjort Erna Solberg til ei populær dame. Men når det regnar på presten, så dryp det på klokkaren. I dag er det ekstra kjekt å vere svigerfar til den komande statsminsisteren.

Han er svært stolt, svigerfaren til Erna Solberg. Og han ser fram til å besøke familien sin i Statsministerbustaden.

Han går langs kaiene i Ålesund på veg til jobben som guide i denne turistbyen på den nordvestlege kysten av Noreg. I det han passerer ein av kioskane ser han sonen sin, barnebarna og svigerdottera lyse opp frå forsidene på avisene. Svigerdottera, Erna Solberg, blir statsminister. Og han sjølv er stolt svigerfar.

Ja, sjå der, seier han og peikar på avisene. Der er han Sindre, ho Ingrid og han Erik, saman med ho Erna, smilar han stolt. Dette er stort. Det er ikkje så mange som har fått oppleve at den aller næraste slekta skal flytte inn i Statsministerbustaden, seier Jonny Edvin Finnes.

Erna Solberg sin valgvaketale

Erna Solberg sin valvaketale. Sigeren er klar og den komande statsministeren kan sleppe laus kjenslene.

Jonny Edvin Finnes er stolt over svigerdotter si. Og han likar godt at den nye statsministeren har sterk familietilknyting til Sunnmøre.

Det har mangla folk i regjeringsapparatet frå Ålesund og Sunnmøre i mange, mange år. Sjølv om ho Erna ikkje er sunnmøring sjølv, så har ho jo i alle fall tilknyting til distriktet, seier han.

Den stolte bestefaren har halde nær kontakt med sonen, svigerdottera og barnebarna. Og han kan fortelje at han også har hjelpt til under valkampane dei siste åra.

– Tidlegare, då barnebarna var mindre, så hadde eg som regel ei veke i Oslo i september når det var valår. Slik kunne eg hjelpe til når Erna var på reise i valkampen og han Sindre var på jobb, fortel Finnes.

Stiller du opp igjen no då?

Ja, så gjerne, skrattar han. Kanskje eg kan hjelpe til med noko i Statsministerbustaden.

Jonny Edvin Finnes fekk ei ekstra god mottaking då han kom fram til jobben sin som turistguide tysdag formiddag. Det var mange som ville gratulere. Det vanka både helsingar og klemmar.

Eg har ei slik flott kjensle no. For no veit eg at landet vårt vert styrt på ein riktig måte, seier han smilande stolt.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat 2013 for Heile landet» i nytt vindu

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL