Stille frå Mannen

Det har vore stille frå Mannen i Romsdalen natt til onsdag. Det fortel geolog Einar Anda ved Åknes-Tafjord beredskapssenter til NRK no i morgontimane. Det har vore svak vind og lite nedbør i området i løpet av natta.