NRK Meny

Stengd veg ved Lesja

Politiet har bekrefta at det er snakk om ei dødsulykke der ein personbil og ein tankbil kolliderte front mot front ved Kjøremsgrenda i Lesja. E136 på strekninga mellom Rauma og Lesja er difor stengd ved Kjøremsgrenda i Lesja, ca. 6–7 kilometer vest for Dombås. Vegmyndigheitene jobbar med skilting av omkøyring. Det er ingen fare for lekkasje frå tankbilen, melder politiet på Twitter.