Hopp til innhold

Masseutmelding frå Stranda Frp: – Det har blitt eit sirkus

Varaordføraren og ni andre personar har meldt seg ut av Frp i Stranda. No mister partiet politisk makt i kommunen.

Stranda rådhus

Etter valet i haust gjekk Frp i Stranda inn eit samarbeid med Høgre om å styre kommunen. No har fleire kommunestyremedlemmar meldt seg ut av partiet.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

10 medlemmar i Stranda Frp har kollektivt meldt seg ut av partiet. Frp har tradisjonelt vore store i Grandiosakommunen, og etter valet i haust gjekk dei inn eit samarbeid med Høgre for å styre kommunen.

Dei 10 som har meldt seg ut seier at det er partiet «si politiske tilnærming, samt etiske framtoning i lokalsamfunnet og internt i partiet» som er grunnen, skriv dei i ei pressemelding.

Varaordførar Steinar Aanning i Stranda har meldt seg ut av Frp. No er han uavhengig

Varaordførar Steinar Aanning har meldt seg ut av Frp og er no uavhengig.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Ut over det har eg ingenting å seie. Vi har lovd kvarandre det, seier varaordførar Steinar Aanning.

Han går frå Frp til å vere uavhengig medlem av kommunestyret i Stranda.

Tre av politikarane som har meldt seg ut av partiet sit i kommunestyret og tre er vara.

Det betyr at Høgre og Frp ikkje lengre har fleirtal i kommunestyret.

Fritt fram å melde seg ut

Frp-veteran Frank Sve er både stortingspolitikar og kommunestyrerepresentant. Den frittalande politikaren er ein av fire frå Frp som sitt att i kommunestyret. Han vil ikkje gå inn på årsakene til utmeldinga og viser til at det som skjer i partiet og gruppa er lukka.

– Visst ein ikkje vil fylgje vedtektene og det ein har gått til val på, er det fritt fram å melde seg ut. Det er ikkje ein folkerett å vere medlem av eit parti, seier Sve. Han er ikkje overraska over utmeldingane.

Sve reknar med at dei som har meldt seg ut står for det dei har gått til val på.

– Visst nokon ikkje ynskjer å gjere det, kan ikkje vi gjere noko med det, men då har dei ført innbyggjarane bak lyset, seier Sve.

Har du sjølv skuld i utmeldinga?

– No er eg ein meinig kommunestyrerepresentant og har knapt nok møtt i kommunestyremøte. Lojaliteten min mot partiet trur eg dei fleste veit kvar ligg og eg forventar at alle andre har same lojalitet mot partiet, vedtektene og den politikken ein er vald inn på, seier Sve.

NRK har vore i kontakt med partileiaren i Frp, Sylvi Listhaug, om det som skjer i heimfylket.

Ho vil ikkje stille til intervju, men seier at striden må bli løyst lokalt.

Frank Sve

Frank Sve er ein av fire attverande Frp-politikarar i Stranda kommunestyre. Dei tre andre har meldt seg ut av partiet.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Meiner politikken har blitt sirkus

I bygda har utmeldinga blitt ein snakkis. Hanne Siem er ikkje politisk engasjert, men synest det er uvanleg at så mange melder seg ut av Frp.

– Det har blitt eit sirkus. Eg trur dette kan handle om person og ikkje sak, seier Siem.

Hanne Siem

Hanne Siem er ei av dei som har fått med seg masseutmeldinga. Ho trur det handlar om personstrid.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Erik Strand jobbar som lydteknikar på kommunestyremøta og han seier at det var god tone på sist kommunestyremøte for eit par dagar sidan. Han er difor overraska over det som har skjedd.

– Eg oppfatta det som eit hyggeleg møte. Det var ein god tone mellom alle partia. Eg oppfatta ikkje noko spesielt hos Framstegspartiet, seier Strand.

Erik Strand er lydteknikar i Stranda

Erik Strand er lydteknikar under kommunestyremøta. Han merka ingen dårleg stemning under møtet onsdag 29. november.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Håper det går seg til

Ordførar Einar Arve Nordang (H) synest det som har skjedd er leit.

– Det er sjølvsagt synd at eit av dei største partia i Stranda ikkje klarar å halde gruppa samla, men bortsett frå det skal eg jobbe som ordførar for alle, seier Nordang.

Då Høgre og Frp blei samde om ein avtale etter valet i haust, var dette eit valteknisk samarbeid som handlar om fordeling av posisjonar, ikkje politiske saker. I Stranda kommune fekk Høgre ordføraren medan Frp fekk varaordføraren.

Nordang seier at forholda internt i Frp som har ført til utmelding, ikkje har skapt problem for samarbeidet mellom partia. Og sjølv om fleirtalet no går tapt håper ordføraren at det vil gå seg til etter kvart.

Ordførar Einar Arve Nordang frå Høgre

Ordførar Einar Arve Nordang (H) synest det som har skjedd er synd, men at politikarane skal jobbe til det beste for innbyggjarane.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Både dei utmelde og dei som er igjen i Frp har jo gått til val på eit felles program. Så eg ser jo for meg at vi skal få det til framover.

– Men dersom dei ikkje klarer å samarbeide så har vel du kanskje eit problem?

– Det får vi sjå etter kvart. Eg har ikkje nokon bastante meiningar om dette no.

Han vil ikkje kommentere kva som ligg bak striden i Stranda Frp.

Ligg ofte stridssaker bak

Det er ikkje første gongen at ei større gruppe med politikarar melder seg ut av eit parti. I Aukra melde alle medlemmane i Frp sitt lokallag seg ut av partiet i februar i 2023.

Den gongen skal grunnen ha vore fylkesleiar Frank Sve si handtering av spørsmålet om samferdselsprosjekta Møreaksen og Kjerringsundet.

Men at 10 medlemmar går ut av partiet i samla flokk på denne måten er ikkje noko som skjer veldig ofte, seier valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda.

Bjarte Folkestad er valgforsker ved Høgskulen i Volda. Her står han inne på kontoret sitt. Han har brunt hår og skjeggvekst. Han ser til høyre for kameraet og har hendene krysset over magen.

Bjarte Folkestad er valforskar ved Høgskulen i Volda.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vi ser jo gjerne i løpet av ein kommunestyreperiode at enkeltpolitikarar melder seg ut av partiet sitt. Men at du får slike kollektive utmeldingar er nokså uvanleg.

Det er gjerne ein kombinasjon av vanskeleg stridssaker og personlege forhold som ligg bak når fleire går ut av eit parti, seier valforskaren.

– Og så kan det jo av og til også skje i samband med at eit parti har gjort eit godt val. Det gjorde jo Frp i Stranda der dei fekk to nye mandat. Då får dei ei ny gruppe. Og spørsmålet då er om fornying kan vere med å skape strid.