Hopp til innhold

- Det var like før vi gav opp

Mange har mist livet på strekninga, men no starta arbeidet med å gjere hovudfartsåra mellom Møre og Romsdal og Austlandet betre. I dag var det anleggsstart både på Vågstrandtunnelen og fyllinga til Tresfjordbrua.

Arbeidet med Vågstrandstunnelen i Rauma på Europaveg 136 starta i formiddag. 
Arbeidet skal gjøre hovedfartsvegen mellom Møre og Romsdal og østlandet tryggere og bedre.

I dag var det anleggsstart på Vågstrandtunnelen og fylling til Tresfjordbrua. Arbeidet for å få realisert tunnelen og bru har pågått i årevis. I dag var det difor ein jubeldag.

Anleggstart på fylllinga til Tresfjordbrua

Også på Vikebukt markerte dei anleggstarten, der tunnelmassen frå Vågstrandstunnelen skal brukast på fyllinga til Tresfjordbrua.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det har vore mange hindringar på vegen før arbeidet kom i gong i dag. Tunnelen og bygging av bru over Tresfjorden skal gjere hovudvegen mellom Møre og Romsdal og Austlandet kortare og tryggare, men prosjektet vart utsett fordi det vart dyrare enn først rekna ut. I tillegg har diskusjonen om bompengar tatt tid.

– Det er ein gledas dag. Det var like før vi gav opp, seier Nils Valde, i selskapet Eksportvegen AS som har dreve fram prosjektet.

Arbeidd i 24 år

Dei har arbeidd med prosjektet i to tiår, og har hatt mange besøk av stortingsrepresentar som har rosa planane. Valde fortel om dei mange skuffelsane då politikarane drog heim til Oslo og syntest å ha gløymt heile greia.

Anleggstart Vågstrandtunnelen

Første gravemaskintak på Vågstrandtunnelen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Hadde det ikkje vore for ei einskild setning som kom med i Nasjonal Transportplan, der det stod at prosjektet skulle vurderast ved neste rullering, hadde vi lagt alt på is, seier Valde. Han har stått på for bru over Tresfjorden sidan november 1988.

Miste livet

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant Jenny Klinge håper at tryggleiken skal bli betre.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Også Stortingsrepresentant Jenny Klinge har lagt ned mykje arbeid i prosjektet. Ho håper at tryggleiken for trafikantane skal bli mykje betre.

– Det er mange som har mist livet her, men eg trur også at mange vil berge livet når vegen står ferdig, seier Klinge. Ho skryt av innsatsen frå dei lokale pådrivarane.

Kortare veg

E136

Bru over Tresfjorden og tunnel på Vågstranda vil gjere 136 tryggare.

Foto: Kart frå Statens vegvesen

Vågstrandtunnelen i Rauma kommune er 3,6 kilometer lang og vil redusere faren for skred. Tresfjordbrua som skal stå ferdig i 2015 vil gjere at E136 vert 14 kilometer kortare. Prislappen for dei to utbyggingane er rekna til 1250 millionar kroner, og vert delvis finansiert gjennom bompengar.

Arbeidet med Vågstrandstunnelen og Tresfjordbrua på Europaveg 136 starta i formiddag.

SJÅ VIDEO: E 136 er ein viktig eksportveg og det at den no vert sikrare, vil ha betydning for heile regionen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL