Hopp til innhold

Sprøtt og søtt på kakefatet

- Krumkaker og moltekrem er alvorleg godt etter ein god middag, seier bakaren.

Krumkaker

TJUKKE ELLER TYNNE: Krumkakene er i alle fall gode å ha på kakefatet, seier Martinus Peder Haugen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Martinus Peder Haugen

- SPRØE OG SØTE: Det seier Martinus Peder Haugen om sine krumkaker.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Mange sortar skal vere klare til jul, og krumkaker har ein lang tradisjon for å hamne på bordet.

- Krumkakene er både sprøe og søte, og det kan vere ei god avveksling til julekaffien, seier Martinus Peder Haugen.

Han driv MPs hjemmebakeri i Surnadal.

Tjukke og tynne

Haugen seier det finnast mange ulike oppskrifter.

- Somme er tjukke, somme er tynne og enkelte er betre enn andre.

Sjekk Martinus Peder si eiga oppskrift til høgre i artikkelen.

Bruker ferske egg

Råvarene er alltid viktige når ein skal lage mat.

Haugen bruker førsteklasses egg – rett frå kjelda.

- Eg får tak i dei rett frå hønsehuset. Dess ferskare ein får det, dess betre, seier Haugen.

Kakene må krummast

Haugen får ikkje understreka nok kor viktig det er å vere nøyaktig.

- Du må måle nøyaktig når du baker, og du må vere nøye under steikinga, seier han halvstrengt.

Når ein lagar krumkaker må ein i tillegg følgje opp med etterarbeid.

- Etter steiking må kakene krøllast i hop, så dei vert så fine som råd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL