Hopp til innhold

- Julaftan er festdagen i kyrkja

- Deretter kjem kontrastane i kyrkjedagane, seier sokneprest Lene Gaasvatn i Rindal.

Lene Gaasvatn

JULEPREST: - Julaftan er festdag, seier Lene Gaasvatn.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Kyrkjebenkar

FYLLER SEG OPP: Kyrkjebenkane fyller seg opp julaftan. Dagen har teke over for 1. juledag.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Her i Rindal blir julaftan tydeleg markert, seier presten.

Då har dei gudsteneste klokka tre. Korpset Blesten spelar julemusikk ein halvtime før gudstenesten startar, fordi folk kjem gjerne tidleg på julaftan, seier Gaasvatn.

- Gebursdagfeiring

Men om det er presten eller Blesten som dreg folket til kyrkja julaftan vil ikkje Gaasvatn slå fast.

- Viss eg og korpset kan peike på kvar vår måte kan peike på Jesus, er det det same kven av oss som dreg folk til kyrkja, seier ho.

Og julaftan er ei gebursdagfeiring i kyrkja. Då feirer ein Jesus, og presten må forklare inkarnasjonen for kyrkjelyden.

Repeterer ikkje preika

Rindal kirke

RINDAL KIRKE: Juledagane er forskjellige i kyrkja.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Det er jo dette om korleis Gud vart menneskje. Så kan ein jo føre det vidare, med at Jesus vart føydd i ein stall, og vidare til korleis det er for Jesus å bli fødd i mitt hjarte, i mine tankar og i mitt sinn, fortel ho.

Sjølv prøver ho alltid å finne ein ny måte å fortelje det på, og etter ein preike er levert, legg ho den ut på internett før den blir kasta.

Så skal ho ut med ei ny preike dagen etter.

- 1. juledag tenkjer mange at dei nettopp har vore i kyrkja, og dermed kjem det færre den dagen.

Høyr adventskalenderepisode 23 her:

- Julaftan har teke over

Den dagen blir markert som ein høgtidsdag i kyrkja. Gudstenesten er langt meir høgtideleg enn julaftan, og er høgtid med stor h, fortel ho.

- Men julaftan har teke over 1. juledag som kyrkjedagen i jula, seier ho.

Dermed får ikkje så mange med seg bodskapen som blir forkynna 1. juledag.

- Det handlar om inkarnasjonen, at Gud vart menneskje. Det er så enkelt at sjølv eit barn kan forstå det, men det er ikkje alltid presten trenger heilt inn til botnen av det store som er å forkynne den dagen, fortel Gaasvatn.

Kontrasten andre juledag

Kyrkjeskipet i Rindal kirke

KONTRASTDAGEN: Kyrkjelyden har gjerne vanskelegare for å ta i mot bodskapen andre juledag.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Gebursdagfeiringa julaftan og høgtidsmarkeringa 1. juledag blir så avløyst av den meir seriøse Stefanusdagen andre juledag.

- Han var den fyrste kristne martyr. Paulus, den store misjonæren, var med på avrettinga av Stefanus, seier soknepresten.

Stefanus nekta å slutte å fortelje om Jesus, og vart avretta.

- Andre juledag er, om me ikkje skal kalle det antiklimaks, ei anna side av det at Gud har vorte menneskje, fortel ho.

- Blir litt skvisa

- Det er ikkje alle som toler å høyre om det, og det kostar å forkynne det.

For andre juledag er ein tyngre dag å vere prest på. Om ikkje det blir halde høgtidsgudsteneste fyrste juledag, skal kyrkjene halde den andre juledag.

- Dermed blir andre juledag litt skvisa som eigen dag i kyrkjeåret.