Hopp til innhold

Sprang etter bilist med øks

Ein mann i 30-åra blei pågripen i ein væpna aksjon i Kristiansund natt til laurdag. Ein bilist melde då frå at mannen hadde sprunge etter han med heva øks.

Løkkemyra

Det blei ein spesiell biltur for mannen som kom køyrande ved Løkkemyra i Kristiansund i 23-tida fredag kveld. For ifølgje politiet skal han ha blitt møtt av ein mann med heva øks, som sprang etter bilen.

Det er jo litt urovekkjande. Eg har forstått det slik at det var ein tilfeldig bilist, og at han sansynlegvis har forsøkt å stoppe han, seier operasjonsleiar Frode Gjøsund ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Kvifor?

Det veit vi ikkje, seier Gjøsund.

Beslagla øks heime

Meldinga frå den skremde bilisten gjorde at politiet rykte ut med væpna mannskap like før midnatt fredag. Mannen er i 30-åra og bur i området. Der blei han også funnen og pågripen.

Mannen blei lokalisert i området, og blei pågripen klokka 23.48, seier Gjøsund. Han seier dei også fann ei øks heime hos mannen, og at denne er beslaglagt.

Skal ha vore rusa

Ifølgje politiet er mannen ein kjenning av politiet, og han skal ha vore rusa då han blei pågripen. Han blir truleg avhøyrt i løpet av laurdag.