Hopp til innhold

- Ville gjort det igjen

Video HVAL-060710-MR.1_MR.mp4

«Den største snur seg med buken opp mot meg, og sender i veg eit skikkelig halepisk. Eg høyrer at det smell under vatn. Det er kanskje to meter unna.»

Nærgåande

Tenk deg å få ein fleire tonn tung, og 5-6 meter lang grindval på to meters hald. Dykkar Ørjan Dyrnes frå Kristiansund opplevde dette i helga. Og trass i at kvalane vart vel nærgåande etter kvart - ville han gjort det igjen.

– Ja, det ville eg ha gjort. Det er ikkje så ofte ein får ein slik sjanse.

Frivillig

Ørjan Dyrnes er ein erfaren dykkar. Han var på båttur med ein kamerat då dei såg kvalflokken. Dyrnes hoppa resolutt uti.

– Første gongen kom det tre mot meg. Dei glei berre under meg og vart vekk. Så dukka dei opp nokre 100 meter vekk. Vi kjører etter, og eg hoppar uti igjen, fortel Dyrnes.

Og det er då det skjer. Tre kvalar kjem mot dykkaren. På det næraste er dei enorme dyra berre eit par meter unna.

Sjå Dyrnes fortelje historia her:

Video Nærmøte med grindkval

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL