Hopp til innhold

Sparka professor meiner han har fått yrkesforbod – kallar jobbintervju for «inkvisisjon»

Nils Rune Langeland fekk sparken som professor etter å ha sendt grove seksuelle meldingar. No kavar han med å finne seg ny jobb.

Professor og høgskule

REAGERER PÅ JOBBINTERVJU: Nils Rune Langeland vart etter mykje om og men kalla inn til intervju ved Høgskulen i Volda. Men Langeland føler at intervjuet aldri var reelt.

Foto: BREDE RØSJØ/NRK OG KNUT FALCH/NTB SCANPIX

For eitt år sidan fekk historieprofessoren sparken frå Universitetet i Stavanger.

I forkant skal Langeland ha sendt grove seksuelle meldingar til fleire kvinnelege studentar. «Liker du rimming?» stod det i ei av meldingane Langeland sende.

– Han bryt lova og viser at han er ueigna i ein undervisningssituasjon, kommenterte ein av studentane som samla opp meldingar Langeland hadde sendt til andre.

Men det er aldri stadfesta at dette var grunnen til at Langeland måtte gå, og han seier at det ikkje har kome eit einaste varsel mot han om seksuell trakassering medan han jobba ved Universitetet i Stavanger.

No er Langeland på jobbjakt igjen, men så langt går det heller dårleg.

– Det var som ein inkvisisjon, eller eit forhøyr om du vil, seier Langeland til NRK om jobbintervjuet han var på hos Høgskulen i Volda i haust.

– Best fagleg kvalifisert

Ifølgje nettavisa Khrono, som først omtala saka, har Langeland søkt på vitskaplege stillingar både ved Høgskulen i Volda, NTNU i Trondheim, Universitetet i Agder og Universitetet i Tromsø (Noregs arktiske universitet). Han fekk ingen av dei.

Men det er spesielt søknadsprosessen rundt jobben som førsteamanuensis i moderne historie ved Høgskulen i Volda Langeland reagerer mest på.

Først vart ikkje Langeland innkalla til intervju i det heile, trass i at den sakkunnige komiteen meinte han var den aller best fagleg kvalifiserte til stillinga. Ifølgje Khrono stod det mellom anna:

I ei samla vurdering av søkarane vil komiteen innstille Langeland som nummer ein. Dette i kraft av både tematisk breidde og analytisk kraft.

– Eit reelt yrkesforbod

Nils Rune Langeland seier til NRK at Forskerforbundet deretter pressa på for at han skulle få kome på intervju, noko han til slutt fekk i haust.

Men ifølgje Langeland vart dette ein svært pinleg affære, der han måtte svare på ei rekkje ubehagelege spørsmål, mellom anna om kva som hadde skjedd då han jobba ved Universitetet i Stavanger.

Spørsmåla var slik forma ut at det vart feil uansett kva han svara, fortel Langeland.

– Eg meiner episoden frå Volda viser at eg har fått eit reelt yrkesforbod, seier 54-åringen.

Det tilbakeviser rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen. I ein e-post til NRK skriv Roppen at dei ønskjer å svare dette på kritikken frå Langeland:

Høgskulen i Volda beklagar at Nils Rune Langeland følte det slik under jobbintervjuet. Det var ikkje intensjonen frå vår side. For oss var det viktig å gjennomføre heile tilsettingsprosessen i tråd med vanlege retningsliner og å behandle han som alle andre søkjarar. For jobbintervjuet betyr det blant anna at ein bør snakke om relevante spørsmål for den aktuelle søkjaren i høve til den aktuelle stillinga. Utover det ønskjer vi ikkje å kommentere kva som vart sagt eller ikkje sagt og gjort under eit jobbintervju.

Johann Roppen

TILBAKEVISER KRITIKKEN: Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, seier Langeland er behandla på same måte som andre søkarar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Angrar svært lite

Etter at Nils Rune Langeland fekk sparken frå Universitetet i Stavanger gjekk han til søksmål mot Kunnskapsdepartementet.

Saka skal opp i Oslo tingrett 10. desember.

– Eg ønskjer ikkje å få tilbake jobben i Stavanger, men eg vil ha oppheva avskjeden. Det vil vere til god hjelp for meg når eg skal søke på jobbar framover, seier Langeland.

– Angrar du på noko du gjorde som professor ved Universitetet i Stavanger?

– Eg har gjort nokre få feil, men eg angrar på svært lite. Eg har ikkje vore i konflikt med kollegaar eller studentar i Stavanger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL