Hopp til innhold

Sp krev stans i nedbygging av HV

Partiet fremja torsdag eit forslag i Stortinget der dei ber regjeringa stanse alle pågåande nedskjeringsprosessar i Heimevernet, inklusive Sjøheimevernet. I langtidsplanen for Forsvaret går det fram at ein skal behalde dagens Heimevern fram til den såkalla Landmaktutgreiinga blir lagt fram til hausten. Dei siste månadene har det likevel kome fram at regjeringa alt er i full gang med å redusere tal soldatar i Heimevernet. Sp meiner denne nedbygginga må stoppast straks.

Ivar Hatlelid og ansatte ved HV 11
Foto: Tore Ellingseter / NRK