Hopp til innhold

Sov tungt - ute

Politiet registrerte fleire tilfelle av personar som la seg til å sove ute i natt. Trass i at temperaturen viste rundt null grader.

Politi under oppdrag

Politiet rykker fort ut når dei får melding om at folk ligg og søv i kulda og i fylla.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

I 02.30-tida blei ein mann funnen sovande i ei gate på Kviltorp i Molde. Han sov tungt då han flei funnen. Politiet overlet saka til helsevesenet, som fekk mannen innlagt på sjukehus.

Omlag samtidig, i Kristiansund, blei ein mann i 50-åra funnen sovande på ein benk i sentrum. Vedkomande som varsla politiet fekk ikkje kontakt med den sovande, og ambulanse kom til og henta mannen.

I 04-tida blei det også funne ein mann i eit busskur ved Kviltorp. Han hadde ikkje somna da politiet kom til og dei køyrde han heim. Då hadde dei først fått melding om ein mann som sjangla i vegbana.

– Kan gå gale

Politibil i Oslo

Når politiet finn folk som søv ute er dei snare med å tilkalle helsevesenet.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Vi reagerer fort når vi får melding om folk som har lagt seg til for å sove, seier operasjonsleiar Kjell Biesmans. Alkoholen gjer at dei snart blir avkjølte og det kan gå gale, åtvarar Biesmans.

Når politiet kjem over personar på denne måten er dei også snare med å overlate dei til helsevesenet.

– Det har vore fint og varmt på dagtid, men når natta kjem og folk er tynnkledde, då merkar kroppen fort at det snart er november.

Elles har natta vore på det jamne for politiet i Møre og Romsdal, men litt slosting, festar som politiet har avslutta og litt urinering på offentleg stad.