Hopp til innhold

- Where is the sun?

På førehand har turistane sett Noreg bada i sol. Det som møter dei er regn, regn og atter regn. Dei kjenner seg ikkje att frå reklamen.

Video TURISTAR I REGNET

Kvar er sola, spør den thailandske turisten Tanid Phiriyapokanom. Han har berre sett sol på turistreklamene frå Vestlandet.

Det var mykje turistar i Ålesund i dag. Dei var godt igjenkneppa med hetter og paraplyar. Om dei venta sol blei dei i så fall skuffa.

– Vi hadde ikkje venta noko slikt som dette. Det skulle vere blå himmel og solnedgang kvar kveld. Men kvar er sola? Kvar er solskinet, spør Tanid Phiriyapokanom. Han er turist frå Thailand.

– Ei annleis oppleving

Turistar frå mange kantar av verda strøymde ut av hurtigruta i Ålesund i dag. Det var vått ver med låge skyer som møtte dei.

Tainara Lemos

Tainara Lemos kjem frå Brasil. Noregsferien blir ei 'annleis' oppleving.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vi kjem frå Brasil. Det er varmare der enn her. Så dette blir ei annleis oppleving, seier Tainara Lemos.

Glansbilete med blå himmel

Sommarlandet Noreg blir marknadsført med blå himmel og sol. Det er glansbileteversjonen som blir seld til dei utanlandske turistane.

Britt Giske Andersen

Britt Giske Andersen seier at turistane ikkje kjem til Vestlandet på grunn av veret.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Dei kjem nok ikkje hit på grunn av det gode veret. Men det er klart det er trasig når vi ikkje kan vise fram området vårt på den beste måten, seier Britt Giske Andersen, avdelingsleiar ved Turistinformasjonen i Ålesund.

– Dette rår vi ikkje med

Denne veka måtte eit turistskip avlyse turen til Ålesund på grunn av storm ved Stad. På land sto turistnæringa utan å kunne gjere noko med situasjonen.

– Nei, dette rår vi ikkje med. Dette må vi ta som det kjem. Men det er klart at det ikkje var bra i forhold til dei som har førebudd seg på cruiseskip-besøk, seier Andersen.

– Litt regn er greitt

Regnet ser imidlertid ikkje ut til å skræme turistane. Dei fleste er innstilte på å gjere det beste ut av det.

Hubert Hilgers

Hubert Hilgers seier at regn er greitt. Men han vil ikkje ha regn heile tida.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Litt regn er greitt, berre veret forandrar seg. Men veret endrar seg ikkje. Vi skulle gjerne hatt litt forandring, seier scooter-turist Hubert Hilgers til NRK. Han har køyrt scooter frå Hamburg, og det har vore mykje køyring i regn.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL