Hopp til innhold

Søkte etter kvinna før dødsfall

Kvelden før kvinna i 20-åra vart funnen død på ein parkeringsplass i Ålesund, fekk politiet melding om ordensforstyrringar. Dei leitte etter kvinna utan å finne henne.

Mistenkelig dødsfall Gåseid

Politiet mistenker ikkje at det ligg noko kriminelt bak dødsfallet.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Måndag 7. oktober vart ei kvinne funnen død på Gåseid i Ålesund. Det var naboar som fann kvinna i eit garasjeanlegg ved ein parkeringsplass.

Politiet skriv i ei pressemelding at dei førebels har konkludert med at det ikkje ligg noko kriminelt bak dødsfallet. Kvinna skal obduserast og det vil ta fleire veker før resultatet kjem.

Melding om ordensforstyrring

Politiet har gjennomført fleire vitneavhøyr for å kartlegge kvinna sine bevegelsar før dødsfallet.

Kvelden før kvinna vart funnen, fekk politiet melding om ordensforstyrring på privat stad. Dei skriv i pressemeldinga at ingenting tyda på ei akutt hending, men at dei likevel valde å reise til staden.

– Vi fekk to meldingar om at ein person var berusa og uroleg. For oss var dette eit oppdrag som kunne vente sidan vedkomande var inne i leilegheita, seier John Kåre Flo. Han er fungerande leiar for Felles operativ eining i Møre og Romsdal politidistrikt.

Leita etter kvinna

Då politiet kom til leilegheita med to bilar, ca ein time etter den første meldinga, hadde kvinna reist derifrå.

– Vi kika etter henne i området, men saman med opplysningane vi fekk med mannen i leilegheita, avslutta vi søket, seier Flo.

Fleire naboar opplevde at nokon banka på dørene deira natt til måndag. Politiet har funne ut at dette ikkje hadde noko med den avdøde kvinna å gjere.