Hopp til innhold

Soknepresten deltok i demonstrasjonar

Etter at sokneprest André Sjåvåg var tre månader i Jerusalem, vart synet på konflikten mellom Israel og Palestina annleis.

André Sjåvåg

Sokreprest André Sjåvåg frå Giske deltok i demonstrasjonar mot den israelske okkupasjonen av palestinarar då han var i Jerusalem.

Foto: Juliane Kravik

Til vanleg er han sokneprest i Giske, men i tre månader var han i Jerusalem for å sjå med eigne auge kva som går føre seg der. Der deltok han i demonstrasjonar mot den israelske okkupasjonen av palestinarar to gangar i veka. Han opplevde at forbipasserande rulla ned bilvindauget og spytta på demonstrantane.

– Dei samlar nok opp spytt nokre hundre meter i førvegen, slik at dei har. Det ser litt innøvd ut, seier Sjåvåg til NRKs reporter i Jerusalem.

LES OGSÅ:

Komplisert

Andrè Sjåvåg

André Sjåvåg er glad for å vere tilbake på Sunnmøre.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Den norske soknepresten er ein del av organisasjonen Eappi, som er drive av Kirkenes verdsråd. Dei meiner okkupasjonen og den store muren er skadeleg både for palestinarar og israelarar. Organisasjonen understrekar at Israel må avslutte okkupasjonen av palestinske område. Den norske presten fekk sjå korleis muren hindrar palestinarane i å gå på arbeid og i til dømes gudsteneste.

– Eg trefte israelarar som sa at konflikten er for komplisert å forstå for utlendingar. Eg trefte også palestinarar som sa at dette er så openbart at eg måtte sjå det med eigne auge, fortel presten.

Endra syn

No er han tilbake på Sunnmøre og det å vere tett på konflikten har gjort noko med han.

– Synet mitt har ikkje blitt radikalt endra, men det gjer noko med meg å sjå folk stå i køane og vere der når beduinane får husa sine reve, seier Sjåvåg.

Han har vore gjennom ein prosess der han spør korleis han skal møte konflikten som teolog og prest. Har har treft folk med ulikt syn. Israelarar som meiner dei har rett til å vere i heile landet, inkludert Vestbreidda, av historiske og bibelske grunnar. Han har også møtt israelarar som er imot okkupasjon. Og han treft palestinarar som seier at dette ikkje handlar om religion.

Solidaritet med begge

Presten meiner jobben han gjorde var i solidaritet med både palestinarar og israelarar som ynskjer at okkupasjonen skal ende.

Presten opplever at synet på konflikten blant norske kristne også er svært forskjellig.

– Eg veit at mange kristne her i landet ser på Israel på ein spesiell måte, som gjer at nesten alt er som det skal vere, seier Sjåvåg.