Hopp til innhold

Snøskred ved Standalseidet

Politiet har fått melding om at folk har kome seg trygt ut av området. Det gjekk skred over skiløypa.

Kolåstinden og Fingeren i Ørsta

Politiet fekk melding om skred ved Standalseidet klokka 12 søndag. (Arkivfoto)

Foto: Anna Margrethe Eiksund Nytun

Det var ein god del folk i området, men ingen personar skal vere tatt av skredet.

– Ein person skal ha mista ei ski. Vi fekk melding om skred klokka 12, seier Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt.

Fjellvande folk

– Folk har kome seg trygt ut av området, ifølge mannen som ringte og varsla oss. Det var ein godt fjellvant mann, seier operasjonsleiaren til NRK Møre og Romsdal.

Ifølge politiet gjekk det fleire mindre skred i sida ned frå fjellet Fingeren. Skreda gjekk over løypa der folk nettopp hadde gått.

Ingen aksjon

– Det blir ingen aksjon frå vår side no, då alt er avklart, seier Arild Reite til NRK Møre og Romsdal.

Politiet minner om at det er skredfare ein del stader no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL