Hopp til innhold

Snøkaos gir unntakstilstand

Ålesund kommune rekk ikkje å brøyte alle vegane i dag. Bossekkar blir ikkje henta før neste veke.

Brøyting
Foto: Svein Smørdal / NRK

Brøytemannskapa har ikkje meir lagringsplass for snø i bysentrum. No byrjar dei å køyre snø ut av byen.

Hentar ikkje boss

I nokre av dei indre bydelane får kommunen ikkje henta boss, fordi vegane ikkje blir brøyta. - På denne måten er det unntakstilstand, seier Eli Anne Tvergrov. Ho presiserer at dette gjeld bosshentinga, og at ho med unntakstilstand meiner at situasjonen no er eit unntak i forhold til det som er normalt.

Ikkje ring

Informasjonsleiar i Ålesund kommune bed borgarane om ikkje å ringe servicetelefonen utan gode grunnar. - Vi er smerteleg klar over at vi ikkje klarer å brøyte alle vegane. Vi er også fullstendig klar over at vi ikkje greier å hente boss i dei store buområda mellom Skothaugen og Emblem, seier ho.

Oppsøk ikkje sentrum

- Dei som ikkje er gode til beins bør ikkje oppsøke bysentrum utan at dei absolutt må, seier Tvergrov. Kommunen brukar no store ressursar på å køyre snø ut av sentrum. Dette er mannskap som normalt skulle ha blitt brukt til fortau av gater og fortau i bysentrum. Dermed rekk vi ikkje å brøyte alle fortaua, og det kan bli vanskeleg å kome fram, seier Tvergrov.

Ålesund kommune orienterer om snøvanskane her.

Sjekk værvarselet på YR

Store vanskar

Brøytemannskapa i Ålesund har no store vanskar med å kome fram i bygatene. Sjå korleis dei strevar på denne mobilvideoen:

Video nsps_upload_2009_2_13_10_5_52_13.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Mobilvideoreporter: Svein Smørdal.

Private

Ålesund kommune bed no private gardeigarar om å sørge for tryggleiken på eigedomane sine. - Dette gjeld både brøyting av fortau, og å sikre eigedomen mot takras, seier Tvergrov.

Buss og tankbil kolliderte

Sør-Aust for Ålesund, i Sykkylven, har ein tankbil og ein buss kollidert.

Buss og tankbil kolliderte

Heile fylket

Det er ikkje berre på Sunnmøre problema er store. Over heile kysten frå Nordfjord og nordover forbi Møre og Romsdal har det kome store nedbørsmengder. Sjå denne reportasjen frå Kristiansund:

Video nsps_upload_2009_2_12_20_7_23_51.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Bossbil i grøfta

Det er ikkje berre problema med det store snøfallet som fører til at Ålesund kommune har vanskar med å hente bosset. Kommunen har ein bossbil mindre enn vanleg, på grunn av bossbil-havariet tidlegare i veka:

Bossbilen havna i grøfta

Heile landet

Frå store delar av landet har det den siste tida vore meldt om snø som skapar kaos:

Glemte å måke snø for de eldre

Snøkaos gir ras og stengte veier

For mye snø

- Ikke ring oss om brøyting!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL