Hopp til innhold

Buss og tankbil kolliderte

Ein buss og ein tankbil har kollidert i Sykkylven.

Tankbil/buss kollisjon
Foto: Mobilfoto: Arild Leikanger Aure

Kollisjonen skjedde på Aursnes, like ved bedrifta Møre Trafo.

12 passasjerar

Det var 12 passasjerar i bussen som kolliderte. Bussen var på veg frå Ålesund til Stryn. Ingen av passasjerane vart skadde.

Mindre skadar

Begge køyretøya fekk berre mindre skadar. Bussen er eigd av Fjord1.

Glatt på vegane

Det er full vinter og glatt på vegane i Møre og Romsdal. Dette har ført til ei rekkje kollisjonar og utforkøyringar:

I Ålesund kallar kommunen situasjonen i dag for ein unntakstilstand. Dei klarer ikkje å rydde fortau, dei bed folk som ikkje er gode til beins om å halde seg unna sentrum, og dei får ikkje henta alt boss.

Snøkaos gir unntakstilstand

Fredag morgon var det lange køar i samband med ein kollisjon i Sula:

Lange køar på Sula

Torsdag hamna ein skulebuss utfor vegen på Frøystad i Herøy:

Skulebuss velta

Video nsps_upload_2009_2_12_20_4_38_50.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Tidlegare i veka hamna ein bossbil i grøfta:

Bossbilen havna i grøfta

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL