Hopp til innhold

Snøen kom på slutten av vinterferien

Mange vakna opp til snø i dag og slik blir det verande eit par dagar, ifylgje meteorologen.

Vinter i Norddal

Det er meldt snøbyer både torsdag og fredag. Slik ser det ut i Valldal i dag.

Foto: Victoria Røren / NRK

Det er vinterferie i Møre og Romsdal og mange har venta på at det skulle kome snø. I dag kan det legge ned rundt 10–20 centimeter i låglandet, trur meteorolog Haldis Berge.

– Det er nordavind på gang og snøbyer. Det held stand ut fredag, seier Berge. På grunn av ustabile luftmassar kan det bli stiv kuling i periodar på kysten.

Berge trur det kan legge ned ein god del snø både torsdag og fredag.

Snø på Fjællsetra

Det snør tett på Fjellsetra i Sykkylven i dag.

Foto: privat

– Med byever kan det bli store lokale forskjellar, seier meteorologen. Snøen kjem ikkje til å bli liggande lenge. På laurdag er det eit verskifte, med vind frå søraust. Om kvelden kjem det sludd og snøbyer først på Sunnmøre og så brer det seg nordover natt til søndag.

– På søndag går det over til regn i låglandet, seier Berge.