NRK Meny

Sneiar veggen i Innfjordtunnelen

Vogntogsjåførar med høge bilar blir åtvara mot å køyre utanfor kvitstripa i Innfjordtunnelen. Sidan tunnelen i haust fekk ny kvelving med brannhemmande betongskum, har eit titals lastebilar sneia borti og laga striper og spor i veggen. – Vi sender no ut ei åtvaring til medlemmane våre om at dei må respektere kvitstripa, seier leiar i lastebileigarforbundet i fylket, Finn André Fredvig-Erichsen.

Innfjordtunnelen
Foto: Statens vegvesen