Hopp til innhold

Snart avgjerd for Havgul

Klokka 11 tysdag blir det kjent om vindkraftselskapet Havgul får byggje turbinar på kysten av Møre og Romsdal.

Vindturbiner
Foto: Kjell Herskedal, Herskedal, Kjell, Kjell Herskedal / Scanpix

Tysdag morgon veit administrerande direktør Harald Dirdal alt korleis det kjem til å gå, utan at han kan seie noko enno. - Det har vore spennande, det har blitt nokre turar på toalettet! seier han.

Harald Dirdal, adm.dir. i Havgul AS.

Harald Dirdal, adm.dir. i Havgul AS

Foto: Kjell Herskedal / SCANPIX

Demokrati

- Dette synest eg har vore eit bevis på at demokratiet fungerer, seier Harald Dirdal. Etter energilova av 1991 er det aktørane som foreslår prosjekt, men samfunnet bestemmer. Alle skal bli høyrde, og det er ein grundig prosess vi har vore gjennom, der nye moment har komme opp.

- Vi som tiltakshavarar har ikkje monopol på vett. Vi har ei teknisk tilnærming, vi har ikkje oversikt over alt som kan føre til konfliktar. Etter høyringsrundane og konsekvensutgreiinga får vi eit anna bilde. Det som kjem ut av prosessen er litt annleis enn det som går inn, og det synest eg er ein veldig styrke.

- Du synest ikkje det er eit nederlag når folk engasjerer seg sterkt imot det du legg eit veldig arbeid i å få til?

- Tvert imot. Eg er stolt av å bu i eit land som kan ha slike prosessar og er i stand til å ta avgjerder som går på tvers av det ein tiltakshavar ønskjer. Det er det som er demokrati, seier Dirdal.

Vegen vidare

- Dersom vi får konsesjon, får vi sikkert ikkje konsesjon på det vi har søkt om. Men dette blir starten på eit løp som vil vare i 30 år. I 4-5 år skal prosjektet utviklast fram til investeringsavgjerda. Her er det snakk om 25 milliardar kroner, halvparten av det norske jagarflykjøpet. Så skal prosjektet driftast, og etter konsesjonsperioden takast ned. Eg blir ein gammal mann før dette er over! seier administrerande direktør Harald Dirdal i Havgul.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL