Hopp til innhold

Smarte straummålarar utsett

Fristen for å få digitale og automatiske smarte straummålarar inn i alle norske heimar blir utsett to år, til 1. januar 2019.

Display smart strømmåler

Slike smarte straummålarar, som viser forbruket time for time, skal etter planen innstallerast i alle norske heimar.

Foto: Gard Brox Jenssen

Olje- og energidepartementet meiner nettselskapa treng tida for å gjennomføre dette på ein god måte.

Prosjektleiar for Smart Strøm i Møre og Romsdal, Svein Rødal, seier dei likevel har ambisjonar om å vere ferdig to år før den nye fristen.

– Vi har lagt ein plan som vil seie at vi skal vere ferdig rundt årsskiftet 2016/17, seier han.

For dei nye fristane skal ikkje nødvendigvis få noko å seie for prosjektet i Møre og Romsdal.

– Men det er sjølvsagt ut frå situasjonen i dag, seier Rødal.

Svein Rødal

Svein Rødal seier dei utvida fristane i augneblinken ikkje verkar inn på Møre og Romsdal-fristen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Departementet bremsa

Frustrasjonen har vore stor i kraftbransjen etter at departementet sette bremsene på for dette gigantiske prosjektet.

Ein skal innføre smarte straummålarar til alle husstandar.

Med desse smarte straummålarane kan nettselskapa lese av straumforbruket direkte. Det gjer at vi forbrukarar får moglegheita til å følgje med og styre straumbruken vår langt betre.

Når eit slikt prosjekt blir utsett kan folk raskt bli skeptiske.

– Er det grunn til å tru at myndigheitene har blitt skeptiske til at alle skal ha smarte straummålarar, Svein Rødal?

– Stiller spørsmål med småkundar

– Nei, det har eg ikkje noko inntrykk av.

– Det departementet stiller spørsmålsteikn ved er om alle småkundar, med lågt forbruk, treng smarte straummålarar, seier Rødal.

Han trur det blir meir opp til kvar enkelt selskap korleis det no skal løysast.

– Det avgjerande blir korleis selskapa vurderer det å ha ei blanding av smarte og ikkje smarte målarar i systemet.

– Både i forhold til rutinar, prosessar og det å gjere ting automatisk og effektivt, avsluttar prosjektleiaren for Smart Strøm i Møre og Romsdal.

Smart strømmåler

Slik kan ein smart straummålar eksempelvis blir sjåandes ut.

Foto: Gard Brox Jenssen