Hopp til innhold

Ida (30) reparerer for å stoppe bruk og kast

Kundane strøymer til skomakar Ida Edwards. Ho meiner fleire er blitt flinkare til å fikse i staden for å kaste.

Ida Edwards

SKOMAKAR VED SIN LEST: Ida Edwards har gått i lære med faren Gil Edwards, og har no tatt over butikken.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

CO₂ i atmosfæren
419,7 ppm
1,5-gradersmålet
+1,08 °C
Les mer  om klima

Det var ikkje heilt opplagt at Ida skulle bli skomakar i Ålesund. Venninnene såg rart på henne då ho fortalde om at ho ville gå i lære med faren. Men snart ni år etter, er ho svært fornøgd med yrkesvalet.

– Det gir ei god kjensle å ha ein jobb der eg bidreg til at vi kastar mindre. No er det jo også blitt in å reparere. Det er håp for verda, men vi må ta tak no, seier Edwards medan ho spikrar på ein ny sole.

Norske hushaldningar handla kle og sko for nesten 65,6 milliardar kroner i 2018, viser førebelse tal frå SSB. Forbrukskurva stig bratt oppover.

Blir ikkje rik

Det går stadig i døra på skomakarverkstaden. Folk kjem inn for å hente sko, vesker, eller spør om ho kan fikse ei jakke. Ingunn Brevik kjem inn for å hente den eine favorittstøvletten sin. Skomakar Ida har fiksa den øydelagde glidelåsen.

Ida Edwards

Ida Edwards er konsentrert i arbeidet.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Eg er glad for at ho har fiksa den. Vi har altfor lett for å kaste ting, så det er veldig fint at vi har eit slikt tilbod, og at nokon tar vare på handverkstradisjonar, seier Brevik.

Ida blir ikkje rik av skomakaryrket, men det går rundt. Det viktigaste for henne er at ho har eit yrke som gir noko tilbake til samfunnet.

– Eg veldig opptatt av gjenbruk. Vi kastar alt for mykje. Det er betre å bruke eit par kroner ekstra på noko ordentleg, og så ta vare på det.

Kunde Kjersti Vister og skomakar Eva Edwards

Kunde Kjersti Vister hos skomakar Ida Edwards. Vister hadde kjøpt seg brukte sko, men dei var for små. Det fiksar skomakaren.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Ein ny vår

Ida Edwards seier ho har fleire kundar no enn tidlegare, og har stor tru på at reparasjonsyrka kan blomstre igjen fordi folk er blitt meir opptatt av miljøet.

Det trur dei også på Noregs einaste skomakarskule, Plus Skolen i Fredrikstad. Dei har ti elevar fordelt på to årstrinn, og når dei er ferdige med siste året kan dei gå opp til sveineprøve som skomakar.

– Dei fleste av dei som søker seg hit, er jenter. Samtidig som vi driv skule, har vi også skomakarverkstad. Eg har vore her i ti år, og mitt inntrykk er absolutt at stadig fleire er villige til å betale for å reparere, seier Kristin Johansen ved Plus skolen.

Sko fra 1800-tallet

Ida Edwards viser fram ein sko frå 1800-talet. – Sjå kor mange gongar den er reparert.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Stemningsskifte

Heilt ferske tal frå Ipsos viser at 6 av 10 nordmenn har fiksa øydelagde kle siste året. Men berre 1 av 10 bruker fagperson til reparasjonen. Resten fiksar det sjølv, eller får hjelp av familiemedlem eller kjenning.

– Det mest spanande med desse tala er at 40 prosent av dei som har fiksa, seier dei gjer det fordi det er positivt for miljøet, seier seniorrådgjevar Charlotte Nymoen-Kumbera i Ipsos.

Men det var flest av dei som fiksa fordi dei sparte pengar – 53 prosent svarte at det var hovudårsaka til å fikse.

Tala viser også at dei yngste har større miljøfokus. I aldersgruppa 18 til 29 år, er det 52 prosent av dei som fiksa som seier dei gjorde det fordi det er positivt for miljøet.

Harald Throne-Holst er forskar II ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved Oslo Met. Dei har publisert rapporten Leve av å reparere på oppdrag for Barne- og familiedepartementet i haust. Forskarane har mellom anna granska lønnsemda i reparasjonsbransjane for kle og kvitevarer.

Dei har også sett på ulike tiltak som kan styrke bransjen, og kva som kan bidra til at kle og kvitevarer kan ha lenger levetid.

Han forklarar at økonomi også kan hindre folk i å reparere. Dersom det du har kjøpt er så billeg at det ikkje løner seg å fikse, er det lettare å kaste og kjøpe nytt.

– Men eg trur det definitivt er eit stemningsskifte. Det har vi sett i arbeidet med rapporten. Folk er interessert i dette, og mange av oss synest intuitivt at det å reparere i staden for å kaste er ein god idé, seier han.

Harald Throne-Holst Oslo Met

Harald Throne-Holst

Foto: Eivind Rohne / images@beyondthei / Oslo Met

Han meiner difor det beste rådet er at folk må kjøpe færre ting av betre kvalitet, og ta godt vare på det, slik at det varer lenger. Han nemner jamleg sjekk av lofilteret på vaskemaskina og å ikkje vaske kle unødig ofte.

– Dersom vi kjøper ting som betyr noko for oss, vil vi også vere villige til å betale meir for å få det reparert, seier han.

Måtte gå mot straumen

Et av råda til staten frå forskarane ved SIFO er å lære opp folk flest til å fikse. Det ropar Linda Sofia Hørnquist i Asker hurra for.

–Klesindustrien og tekstilindustrien er ein veldig forureinande industri. Å gi kle, stoff og tekstilar lenger levetid, bidrar veldig til å løyse dette problemet, seier ho.

Hørnquist har vore opptatt av temaet sidan ho begynte å studere motedesign i Milano i 2006. Ho bestemte seg raskt for at ho ikkje kunne vere ein del av storindustrien.

Linda Sofia Hørnquist

Linda Sofia Hørnquist

Foto: Andreas Johansson / NRK

– Mange syntest det var litt rart, men jo meir informasjon eg fekk frå forskjellige firma eg kom i kontakt med gjennom skulen, jo meir gjekk det opp for meg at eg ikkje kunne vere ein del av dette. Eg måtte gå mot straumen.

For ti år sidan starta Hørnquist butikk i der ho skapte sitt eige klesmerke gjennom redesign, men no synest ho det er viktigare å lære andre å justere og fikse kle, for å få dei til å vare lenger.

Ho har også jobba som tekstillærar på barneskule, der ho lærte barna at det ikkje alltid var nødvendig å kjøpe nytt, sjølv om kle var øydelagde.

– Barn har eit anna verdisyn enn oss. Dei har sine favoritting, og det spelar ikkje noka rolle om det kosta 100 eller 1000 kroner. Dei syntest det var kjempespennande å lære og fikse, seier ho.

Lærer opp andre

Hørnquist har no kurs og foredrag om korleis ein enkelt kan fikse hol og rifter, eller sy om ting slik at det passar på nytt. Ho har også nettopp starta ein butikk i Asker, der gjenbruk, reparasjon og opplæring er ingrediensane.

– Eg har tatt meg pause frå undervisning på skule, for å prøve å endre samfunnet enda meir i rett retning. I dette multilokalet i Asker har vi symaskin som alltid står framme, og vi inviterer folk til å komme og fikse ting, eller få hjelp til å gjere det sjølv.

Symaskina står alltid framme i lokalet i Asker

Symaskina står alltid klar hos Linda Sofia Hørnquist.

Foto: Linda Sofia Hørnquist

Ho håper forskarane har rett når dei meiner det er eit stemningsskifte på gang når det gjeld bruk og kast.

– Eg ser det er mange som slit med å vakne opp. Dei er i sovemodus og vil kanskje ikkje heilt ta tak. Men det er håp. Det er fleire og fleire som bryr seg, og eg trur det vil spreie seg, seier Linda Sofia Hørnquist.