Saman om smarte straummålarar

Alle husstandar skal ha smarte straummålarar før 2017. I Møre og Romsdal samarbeider elleve kraftleverandørar får å få det til.

Daglege leiarar i Smart Strøm Nordvest

SAMARBEIDSPARTNERAR I SMART STRAUM (f.v.): Gerhard Eidså (Istad Nett), Trond Lauritsen (Sykkylven Energi AS), Tom Meek (Nesset Kraft), Svein Ove Søholt (Sandøy Energi), Alf Vee Midtun (Rauma Energi), Tor Henrik Eide (NEAS), Stein Bergheim (Nordvest Nett), Rune Kiperberg (Tussa), Ola Raknes (Stranda Energi), Runar Karl Stette (Ørskog Energi AS), Jørund Kvande (Sunndal Energi).

Foto: Espen A. Istad

Strømmåler illustrasjon

BLIR FASA UT: Denne typen straummålar skal ut av drift, medan dei såkalla 'smarte' straummålarane tek over.

Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

- Dette prosjektet har me jobba med i godt og vel eitt år. Og det er faktisk det største IT-prosjektet som blir realisert i Noreg, seier Stein Bergheim fra Nordvestnett. Han er styreleiar i det nye "Smart Strøm Nordvest".

- Det er nok riktig å seie at dette er eit krav styremaktene har sett, men som me sjølvsagt lojalt følgjer opp, fortel han.

Krav frå Styremaktene

Kravet frå styremaktene er at alle norske straumkundar skal ha såkalla "smarte målarar" på plass innan 2017. Målarane skal gjere at forbrukaren slepp å melde inn målarstand, men også at ein skal kunne justere når ein bruker straumen.

- Bakgrunnen for prosjektet er at folk i større grad skal få moglegheit til å styre straumforbruket sitt til periodar der straumprisen er lågare enn den er i dag, seier Bergheim til NRK.

Sommaren 2011 fekk mange straumkundar krav om å bytte straummålar, noko mange av dei syns var meiningslaust , sidan alle må ha nye, smarte, straummålarar innan 2017. Næringsministeren var einig, og kravet vart utsett .

- Som ei lita datamaskin

No er altså planlegginga i gong, og prosjektleiar Svein Rødal i Smart Strøm Nordvest fortel at det er ei meir avansert innretting straumkundane no vil få.

- Då kjem me med ein ny målar, som er som ei lita datamaskin, seier han.

- Den framtidige straumkunden vil ha veldig stor glede av dette. Kombinasjonen av å montere automatiseringsutstyr for forbruk, og styring frå appar og mobil vil vere mogleg med dette utstyret, fortel Rødal.

Styr forbruket

For dei straumkundane som engasjerer seg vil det vere mogleg å spare pengar, særleg når det gjeld tidspunktet ein bruker straum.

- Han kan følgje med når straumen er billeg og når den er dyr, og styre forbruket. Det kan vere omnar eller vaskemaskiner som kan brukast når straumen er billegast, og det er best kapasitet i straumnettet. Då vil ein spare på straumrekninga, fortel Rødal.

Enkelte vil vere skeptiske til slik ny teknologi. Mellom anna har Datatilsynet stilt spørsmål ved om det blir samla inn for mykje data om kundane med dei nye målarane. Rødal trur ikkje at det blir eit problem.

- Datatilsynet er på ryggen til kraftselskapa no, slik at me leverer løysingar der det ikkje er mogleg. Det skal ikkje gå an å misbruke dette på nokon måte, forsikrar Rødal.

Kan føre til lågare straumforbruk

Sidan dette er eit krav frå styremaktene blir det ein type målar som alle må ha. Men Rødal fortel at det går an å be om fritak dersom ein har medisinske årsaker som gjer at ein ikkje kan ha ein slik målar i hus.

No håper Rødal at dette på sikt kan føre til eit lågare forbruk av straum i samfunnet, når dei nye målarane let folk justere forbruket sitt til tidspunkt då det er mindre forbruk.

- Men det krever litt eigeninnsats frå kundane, og så må det vere god kommunikasjon mellom nettselskap og kunde, og då trur eg faktisk at på sikt vil dette føre til lågare straumforbruk, seier han.

Planlegging og innkjøp

Innan utgangen av 2016 skal alle målarane vere på plass. No held planlegginga fram i dei elleve selskapa som samarbeider i Møre og Romsdal, før installasjonen tek til.

- Etter planen startar me ein eller annan plass i fylket etter sommaren 2014. Før den tid er det stort sett planlegging og anskaffelse som skjer, seier Rødal.